Hele Japan-flokken samlet

Misjonærkonferanse i Japan

I tida 21.–25. mars var 20 barn og 23 vaksne samla til den årlege konferansen på Hiruzen Bible Camp.

Når vi trekkjer ifrå fire gjestar frå Norge, står vi igjen med 19 vaksne utsendingar. Dermed er dei 20 barna frå 0 til 15 år faktisk i fleirtal!

Gjestar frå Norge var regionleiar for Stor-Kina og Japan, Eivind Jåtun, HR-rådgjevar Karen Elisabet Wittersø Hector og to studentar frå Fjellhaug Internasjonale Høgskule. Dei to sistnemnde hjelpte til med opplegg for borna medan foreldra var opptekne med forhandlingar.

   

Fokus på barna

Misjonærbarna er viktige i arbeidet, og det var fokus på at dei skal ha ein god og trygg oppvekst. Karen Elisabet Wittersø Hector hadde undervisning både for borna og for dei vaksne. I forkant av konferansen hadde ho også besøkt misjonærfamiliane.

   

Fleirspråkleg

I gamle dagar føregjekk konferansen på norsk, så dei finske misjonærane måtte anten lære seg norsk eller bruke tolk. Med utsendingar både frå Finland, Island, Japan og Australia i tillegg til det norske fleirtalet blir fellesspråket engelsk, men også finsk, islandsk og japansk kunne høyrast.

Barnemøta var delte i ei norsk og ei engelsk gruppe, og under familiegudstenesta var det brukt fleire språk med tolk.

   

Saman med WJELC

Misjonssambandet har eit godt samarbeid med West Japan Evangelical Lutheran Church (WJELC) og ønskjer framleis å gå ilag med dei for å byggje Guds rike her i Japan. Rapportar frå arbeidet viser at vi er med på eit stort arbeid. Misjonssambandet er representert i styret både i radioarbeidet, bibelskulen og det teologiske seminaret.

Vi er særleg glade for at WJELC framleis ønskjer å vere med og drive Hiruzen Bible Camp ilag med misjonen. Misjonssambandet har også utsendingar med i ungdoms- og familiearbeidet Compass.

   

Nytt feltstyre/Japan Board (JB)

Leifur Sigurdsson frå ILM og  Johanna Perendi frå FLOM vart valde i fjor og blir sitjande eit år til. Marius Bergersen frå Misjonssambandet vart vald på nytt til ein ny styreperiode. Styret vil konstituere seg på første møtet.

   

Vegen vidare

Ein misjonærkonferanse skal stake ut vegen vidare. Den saka som engasjerte mest og som vi gjerne skulle hatt meir tid til, var revisjon av handlingsplanen for dei neste åra. Kva skal målet vere? Kva vil vi, kva skal vil satse på, og kvar går vegen dit?

Eitt av måla vi vart samde om, er at vi ønskjer å satse meir på bibelstudie med enkeltpersonar og i grupper.

   

Å bli tilgitt og tilgi

Eivind Jåtun hadde bibeltimar for oss med temaet «Tilgjeving», om å bli tilgitt av Gud, om å tilgi kvarandre som han har tilgitt oss, og korleis vi kan formidle bodskapen om tilgjeving i ein japansk kontekst.

I smågrupper fekk vi dele personleg frå livet og arbeidet vi står i og be for kvarandre.

   

Takk for forbøn

Takk til misjonsfolket som gir og ber, slik at vi kan vere utsendingar i Japan. Be særleg for dei unge familiane, som gjennom barna får kontakt med mange japanske familiar. Be om at både små og store kan ha det bra og trivast!