Malvin Ommedal har vore misjonær i Bolivia i ein mannsalder. No er han på oppløpssida, og deler nokre tankar.
Eg er vel eit sjeldan fenomen i våre dagar, Godt og vel 24 år som misjonær i Bolivia når eg legg saman heile år og månadane i åra der eg ikkje har vore ute heile år. Dei fyrste 13 åra var vi ute som familie. Av dei 24 åra er godt og vel 18 år i Misjonssambandet når eg reiser heim i slutten av august i år.
Det er nok misjonærar som har vore ute lengre tid enn eg, men det vert færre og færre av dei. Minst vanleg er spesialordninga vi har hatt sidan 2012 der familien er heime og eg ute med heimreiser innimellom. For oss har dette fungert og vi er takknemlege for fleksibilitet frå misjonen si side, vel vitande om at dette nødvendigvis ikkje vil fungere for alle andre. Men støtta frå kona og øvrige familiemedlemar har vore viktig og avgjerande.
I løpet av desse åra har det vore varierande oppgåver, og med mi utdanning som sivilagronom har det vore naturleg at eg har hatt mest med prosjektarbeid å gjere. Eg har ingen problem med å kategorisere kva år har vore dei beste og kva år har vore dei traurige. Meiningsfylte år med mykje glede var åra 1993–2002 der eg mesteparten av tida var koordinator for det store bygdeutviklingsprogrammet PRODECIT i Tinguipaya kommune saman med ein stab av om lag 15 bolivianske tilsette.
Vi hadde eit godt kollegialt fellesskap. Vi hadde fleire komponentar som landbruk, vatn (innstallering av drikkevatn), helse, undervisning (alfabetisering av vaksne og internat for skulelevar) og husflid i koordinering med det evangeliske arbeidet.
Etter kvart har det vorte meir og meir som medvandrar og forkynning av Guds Ord både på spansk og quechua innafor det evangeliske arbeidet, spesielt på landsbygda. Eg har kjent meg velkomen der eg har ferdast. Det er framleis ope for oss misjonærar å forkynne Guds ord på mange arenaer sjølv om den nasjonale kyrkja (ICEL) har gått i ei meir høgkyrkeleg retning med innflyting frå Missourisynoden.
På ei nasjonal tilstelling nyleg vart det nemnd at det er 41 % reduksjon i medlemstalet i forhold til då kyrkja vart nasjonalisert i 1997. Det er å håpe at dette er ein bølgedal og at det kan verte medlemsvekst igjen når kyrkja berre får sett sin teologiske profil.
Både eg og andre har framleis fått forkynne Guds Ord i byane, men spesielt på landsbygda. Turane til bygdeområde som Acasio, Tinguipaya og Parantaca har vorte mange og lange. Eg har fått ei spesialoppgåve i å halde liv i arbeidet i Parantaca, eit avsidesliggande område med spreidd folkesetjing og stort sett gamle personar igjen. Det vert færre og færre av dei eldre også, og spørsmålet er kor mange som vil bu igjen her om 10–20 år. Derfor er det og usikkert kva som skjer etter at eg tek min siste tur i august. Er arbeidet då bortkasta?
Eg har vore der to dagar i månaden og har sett det som mi oppgåve å halde kristne i Parantaca åndeleg varme til dei er heime hos Herren. Det er møte med tre ulike grupper og elles husvitjingar til på dagtid til dei som ikkje har høve å flytte seg langt for å møtast eller som har mykje å gjere med dyra sine.
Dei seinare åra har eg kjent på at eg er ferdig med Bolivia. Sidan eg no er einaste misjonær der, har eg også fått oppgåver som leiar for misjonen i Bolivia og er misjonen sin representant i landet. Det har vore mykje opprydding i formelle prosessar med sal/overføring av eigedomar anten til kyrkja eller andre, men og rydde opp i sal/overføring av bilar og motorsyklar som har vorte avhenda men der prosessane ikkje har vorte ferdigstilte.
Det er tungt å ta att slike ting 10–25 år etter at dette skulle vore ordna opp i. Når eg reiser heim i slutten av august og det ikkje vert misjonærar att i Bolivia, må misjonen sjå korleis dei organiserer den situasjonen, som organisasjon har vi rammar å forhalde oss til.
Folk spør om eg kjem til å sakne Bolivia og arbeidet der. Folk vert skuffa når eg seier nei. Vel, tankane vert nok ikkje vekke frå Bolivia over natta og eg er takksam for tenesta og livet vi har hatt i Bolivia som familie og seinare år åleine.
Men eg er no fullt innstilt på at no er det slutt, at mi tid er ute i Bolivia. No er det tid for pensjonisttilvære og familieliv, og så reknar eg ikkje med å verte gjerandelaus i Noreg sjølv om åra dreg på.
Så skal vi framleis få lov til å be for arbeidet og kyrkja i Bolivia. Det er Guds verk, vi er berre medarbeidarar.
(Biletet: Som takk for lang teneste fekk Malvin overrekt dette maleriet av Stadleg Representant Marianne Thormodsæter Lindtjørn.)