I tida før påske brukar eg gjerne ei fastebok til eiga andakt og eigen refleksjon, der Jesu lidingssoge er i sentrum. Når eg vel tekstar eller tema til preiker og andakter eg skal halde, tenkjer eg stort sett i same bane.
Eg ønskjer i fastetida å hjelpe både meg sjølv og tilhøyrarane til å bli leia mot Jesus og det som er sentrum i den kristne trua.
Vanskelege bibeltekstar
Vi forkynnarar trur fort at vi er så allsidige, og at eigne vurderingar når det gjeld tema og tekstval er det beste. Men vi vel helst ofte ut det som ligg oss sjølve nærast. Til preiker på søndagane vel eg difor nesten alltid tekstane som er oppsette for kyrkjeåret. Det er ikkje alltid lettaste veg, men det tvingar meg ut av eigne spor, og til å arbeide med tema som elles hadde blitt liggande. I fastetida dukkar det då opp eit par vanskelege preiketekstar eg helst ville sleppe å ta tak i. Om Jesus som vert freista av djevelen, og om Jesu kamp med, og siger over vonde åndsmakter. Eg veit med meg sjølv at eg kanskje aldri hadde preika over desse bibeltekstane, om ikkje tekstrekkja hadde tvinga meg til det. Det er til ettertanke at dette er preiketekster heilt attende frå oldkyrkja si tid. Dei handlar om kamp og siger, og var sikta inn mot nye dåpskandidatar som skulle døypast påskedag. Tenk det!
Maria bodskapsdag
Ein eller annan gong i fastetida er det ni månader til jul. Tida for eit svangerskap. Då kjem det alltid ein preiketekst om Maria, Jesu mor, og om barnet som er unnfanga i hennar liv. Eg synest det er så sterkt å møte den bodskapen med tanke på påska som nærmar seg. Samanhengen talar så tydeleg om kvifor Jesus fekk ein kropp av kjøt og blod. Det peikar mot nattverden, langfredagen og påskedagen.
Det har vel hendt at eg har formulert meg om lag slik: Jesus fekk ein kropp av kjøt og blod for at der skulle vere eit ansikt til å spytte på, ein rygg til å bli piska, hender og føter for å bli nagla fast til eit kors. Ein kropp som skulle døy og bli eit lik. Og for at liket skulle reisast opp med med kraft i oppstoda tredje dagen.
God fastetid!