Ein fredag vart elevane på Sygna overraska av personalet.
Når det er kaldt og mørkt ute, er det ekstra kjekt å lage varm og lys stemning inne. Ein fredag i januar vart elevane på Sygna møtte med ekstra god frukost.
Kjøkkenpersonalet sto tidleg opp og laga varme og kalde frukostrettar i alle variantar, resten av personalet stilte opp som servitørar og elevane fekk fri første time slik at dei kunne nyte maten og den gode stemninga.
Elevane veit å setje pris på slike små positive overraskingar – og Sygna-personalet får gi litt tilbake fordi dei får jobbe kvar dag med desse fantastiske ungdommane.
Ein ekstra god start på dagen for ekstra flotte elevar!