Folk i salen og band framme

Flott ungdomshelg

Flott ungdomshelg med tema om å "Leve med Jesus". Deltakarane på Crossroad vart utfordra på mange område.

13.–16. februar var over 60 deltakarar og leiarar samla til Crossroad på Lyngmo. Helga var fylt av fellesskap, aktivitetar og åndeleg påfyll. Lovsangsteam frå regionen leia oss i lovsang og tilbeding, og Daniel Sæbjørnsen underviste om å «Leve med Jesus». Gjennom forkynninga vart vi utfordra til å leve tett på Jesus i kvardagen og la trua prege vala våre.

Laurdag hadde vi felles uteaktivitet, før det var rom for solotid og seinare sosialt samvær. Søndag delte vi oss i ulike aktivitetsgrupper: nokre stod på slalom, nokre jakta dagsrekord i sklia på Lustrabadet, medan andre sat i badestamp ute i minus ti grader. Fleire vart igjen på Lyngmo og deltok i aktivitetar der.

Som eit alternativ til kollekt, arrangerte vi tullefotball. Der kunne ein betale for å få folk inn på laga, og undervegs kunne ein betale for å gi spelarar fordelar eller ulemper i kampen. Det skapte stort engasjement og mykje latter – og pengane som vart samla inn går i år til å vidareutvikle Crossroad.


Fellesskapsbygging
Heile helga var det god tid til samtalar, relasjonsbygging på tvers av regionen og fellesskap rundt trua. Søndag kveld samla vi oss til delekveld, bønnevandring og nattverd – ei sterk og fin avslutning på ei helg der vi fekk søkje Gud saman og vekse i fellesskap med kvarandre.