Fleire ungdommar frå regionen vår går på Misjonssambandet sine skular andre stadar i landet. Ein av dei møtte eg denne veka.
I skrivande stund har eg ein møteserie på Val skoler i ytre Namdal. Alt på første samlinga møtte det opp ein kar eg kjenner frå før, Samuel Starheimsæter frå Engesetdalen. Han går andre året på vidaregåande her. Når eg spør kvifor han går på skule så langt heimefrå, så skjønar eg etter kvart at det er studieretninga med Akvakultur som drog han nordover hit. Den er atraktiv, og det er ikkje så mange slike andre stadar.
Er ikkje dette langt heimefrå? «Det går fly, vel to timar. Men det er no langt hvis ein brukar bil.» Kva var avgjerande for at du valde denne skulen? «Eg var her på hospitering, og fekk eit veldig godt inntrykk. Myke nytt og godt utstyr til undervisninga og flinke lærarar. Her er gode ressursar. Og så hadde eg lyst å gå Akva. Her er elles mange andre tilbod: Landbruk – hest – energi og miljø – påbygg.
Ein skule med få kristne
Eg spør litt om miljøet på skulen, og Samuel seier at miljøet er ganske godt. Sjølv om her er mange elevar, så er det ikkje så mange som er kristne. Slik skil nok Val seg ut frå dei fleste andre skulane til Misjonssambandet.
Korleis opplever du å vere kristen her, når de ikkje er så mange? «Det går ganske greitt. Vi som er kristne veit om kvarandre og prøver å halde saman. Og så er her no kristne lærarar. Her er kristne møter kvar torsdag og av og til møteseriar.»
Vidare seier Samuel at det ikkje er så lett å dele det ein trur på. «Det er mange som ikkje er intertessert. Det er ikkje sikert alle heilt veit kva det vil seie å vere ein kristen.»
Fint å møte Samuel igjen her. Alltid kjekt å treffe kjende ungdommar der eg reiser.