Ungdom leser bibel med understrekinger

Premiere Ung:Disippel

Helga i månadsskiftet oktober/november vart Midt-Norge sin fyrste Ung:Disippelleir arrangert!!

Guds ord og fellesskap

22 ungdommar frå Trondheim i sør til Nærøysund i nord var samla om Guds ord og for kristent felleskap. Gjennom helga fekk me bryne oss på undervisning om mellom anna evangelia, trusforsvar, den treeinige Gud og personleg trusliv. Dei eldste ungdommane fekk òg jobbe med sine eigne trushistorier. Det var prioritert tid til åleinetid og smågrupper, møter og lovsang. I tillegg var helga fylt av sosialt samvær, konkurransar, gameshow og orange ball. Nokon tok til og med sjansen på eit lite bad i kulden.

 

22 gode grunnar

Å vera hovudleiar på denne leiren har vore eit privilegium, og det er det 22 grunnar til – 22 ungdommar. På laurdag hadde me sett rotid til kl. 00:00 og det tok ikkje lang tid før ungdommane byrja å spør om å få døgne. Dette fekk dei nei til, men dei fekk beskjed om at om dei ynskja kunne dei heller stå opp 06:00. Det vart sagt litt på spøk, men mange gjorde det likevel, fordi dei ville vera saman.

 Eg såg ungdommar som brydde seg om kvarandre og tok initiativ til å bli kjent med nye.  Ein av deltakarane sa at høgdepunktet med leiren var måltida – «for då får me tid til å snakke saman». Fleire fortalde og at dei går i bibelgrupper til vanlig. Det gjorde meg glad, for det betyr at leiren er ein del av noko større, at trua og fellesskapet står sentralt òg i kvardagen.

 

"Leirtomhet" 

På søndag vart deltakarane henta, ein etter ein, og eg sit igjen med det ein ven av meg kallar for «leirtomhet». Eit ord du ikkje finn i ordboka, men eit uformelt uttrykk som skildrar kjensla etter at ein leir er over, den litt tomme kjensla som kjem når ein låser hovuddøra, set seg i bilen og forlater leirstaden. Ein byrjar å sakne aktivitetane, møta og det gode fellesskapet.

 Sjølv om «leirtomhet» kanskje høyres ut som eit negativt omgrep, så er det eit godt teikn. Det viser at leiren har betydd noko og sett spor. Som hovudleiar kunne eg reise takksam heim. Takksam for ungdommane, leiarteamet og ikkje minst Gud som gjorde dette til ei helg eg seint kjem til å gløyme.

 

Neste leir

Hjarteleg velkomen på neste Ung:Disippelleir 24.-26.april!!