Denne hausten takka vi av to medarbeidarar. Truverdig og trufast er ord som kler dei begge to.
Kari Gagnat gjekk denne hausten av med pensjon etter 45 år på Solhøgda. Åra åleine er nok til å vise at trufastheit er ein viktig verdi for Kari. Saman med Arne-Johan har ho vore med å drive ein leirplass der tusenvis av born og unge har fått høyre om Jesus. Vi i Misjonssambandet nordvest er takknemlege for hennar innsats her.
Lars-Petter Ødegård går over i ny stilling som kretsleiar i IMF Sunnmøre etter at dei flytta til Sunnmøre denne hausten . Lars-Petter har vore ti år i Kristiansund og på
Nordmøre og vore med å bygge opp forsamlinga i Kristiansund. At Lars-Petter våga seg inn i dette og stod i det over tid vitnar og om trufastheit.
Felles for dei begge to er truverdet tenesta deira vitnar om. Begge to har eit djupt ønske om at menneske skal få møte Jesus. Innsatsen visar at dette er noko dei trur på og at dei gode nyheitene om Jesus er truverdig og verd å ta imot og følge.
Stor takk til både Lars-Petter og Kari for innsatsen dei har gjort i Guds rike, i vår samanheng. Alt godt for fortsettinga!