Bildet viser en smilende ung mann med kors rundt halsen

Eit ansvar og ei glede

Christian Frøystad er 35 år og arbeidar til vanleg som IT-Ingeniør. På fritida er han engasjert både i forsamlingsliv i Misjonssalen Ålesund og reiser som frivillig forkynnar i Misjonssambandet nordvest.

Christian kom innom kontoret i Ålesund for ein prat om tankar og erfaringar han har frå tenesta som frivillig forkynnar.

Frivillige

I Misjonssambandet nordvest er eitt av våre satsingsområde frivillige:


Vi vil engasjere og utruste nye frivillige til å tjene med sine gaver. Vi vil at det i 2029 er 45 frivillige formidlere og nye frivillige i alle forsamlingene og i alle områdene.


Christian er ein av disse frivillige men vi ønskjer å bygge en kultur for at enda fleire får tjene med det Gud har gitt dem. Kjenner du nokon slike? Tips oss gjerne på nordvest@nlm.no.

– Kva reise har du hatt som frivillig forkynnar? Kor starta den? 

– Det trur eg var medan eg gjekk på ungdomsskulen. Det var ein lærar som inviterte meg på besøk til Leikong for å ha ei opning. Eg var oppvaksen i Frikyrkja og hadde ikkje så mange erfaringar med kva ei opning var, men vart fortalt at det berre var å dele eit ord. Eg stilte opp, delte eit bibelvers og gjekk og sette meg. Så skjøna eg etter kvart at forventningane var nok at eg skulle seie noko meir, men det var eg ikkje forberedt på, men det vart tatt imot godt likevel. Om det var før eller etter dette eg bidrog med søndagsskule i Frikyrkja veit eg ikkje, men det og var ein av dei tidlege arenaene eg fekk dele frå Guds ord. 

– Etter kvart for eg til Trondheim for å studere, og då vart eg utfordra  nokre gonger på å ha meir tematisk undervisning. Det å få arbeide med eit tema og ei tekst var nyttig og spanande. Det var litt tryggare å ta utgangspunkt i eit gitt tema eller ei tekst, heller enn å berre kome på kva eg skulle tale over sjølv.  

Også eiget utbytte

– Kva gjer at du brukar tid og krefter på nettopp ei slik teneste? 

– Eg kjenner på eit ansvar på for å dele bodskapen vi har fått. Dette saman med at eg har evne til å formidle er med å drive meg til å seie ja til å tale. Det er givande å få vere rundt å dele gode ord med gode folk. Denne tenesta tvingar meg og til å fordjupe meg i Guds ord. Eg trur at det å la Bibelordet utfordre meg i mitt liv med både irettesetting og trøyst gir både substans og truverdigheit i forkynninga. Dermed gir denne tenesta meg stort eige utbytte, når den hjelp meg til å bruke tid med Gud og hans ord.  

– Så får vi nokre gonger eit glimt av at det vi har fått dele får betydning for menneske, då kan eg glede meg over det å gå i teneste for Gud, det er stort.  

– Kva er det som driv deg når du deler? 

– Ønsket om å få vere med å gje eit glimt av Gud til tilhøyrarane. Eg likar godt når vi har tematisk undervisning som kan sørge for at vi får ei bredde i forkynninga, her er det masse å få lære å ta med seg. Då er det bra om vi som tilhøyrarar får med oss noko variert kost. Gud kan fort verte liten, om vi berre tek føre oss ein liten del av han. Då kan det ofte koke ned å til kva han kan tilby oss, og ikkje kven han er. 

Mange kan bidra

– Korleis går du fram når du har fått spørsmål om å tale? 

– Eg les ofte søndagens tekst, og tek utgangspunkt i den. Då startar eg ofte med det tidleg slik at eg kan gruble litt over temaet i tida fram mot det å tale. Så prøvar eg å ha kontakt med fellesskapet for å avklare kva og kven eg kan forvente er der. 

– Er dette ei teneste som du vil ha andre med i?  

– Det er ikkje ledande spørsmål i det heile tatt! seier Christian og flirar. – Sjølvsagt vil eg det, her er mange som kan bidra og det trengs fleire.   

Denne saken ble først publisert i regionutgaven av Utsyn. Utsyn er Misjonssambandets organisasjonsblad, og kommer ut 12 ganger i året. Fire av disse er regionutgave. Regionutgaven av Utsyn er gratis. Ønsker du å få tilsendt dette eller ønsker du å bli abonnent? Kontakt oss på abonnement@nlm.no / 22 00 72 00.
Alle regionutgavene kan også leses her: https://utsyn.no/regionsider/misjonssambandet-nordvest