Lyngmo Ungdomssenter på Hafslo i Sogn starta opp i 1965. Helga 17.-19. oktober var det stor 60-årsfeiring, fylt av glede og takksemd for det Gud har gjort på og gjennom leirstaden.
Det begynte med nokre arbeidsbrakker frå kraftutbygginga ved foten av Sognefjellet. Seinare har det vore fleire utvidingar, og i dag er Lyngmo Ungdomssenter ein moderne og vital leirstad med eit stort arbeid til glede for heile Sogn. Det er fullt og heilt et verk av Gud.
Ungdom i 60-åringskle
Det var med stor glede og takksemd vi fekk feira ilag denne helga. Vi byrja fredag kveld med ungdomssamling. Om lag 40 ungdommar var samla. Dei fleste hadde kledd seg som 60-åringar. Underteikna tenkte han kunne koma som han var, men eg valde å kle meg i dongeriselebuksa og jakken etter min eigen bestefar frå den tida. Då fekk eg høyra at eg såg yngre ut i dei kleda enn i dei eg går i til vanleg. Så kva gjer eg no ??
Godt samarbeid med Indremisjonen
ImF er medeigar i Lyngmo, og var sjølvsagt og med på feiringa. Sondre Orrestad, leiar i Sogn og Fjordane Imf, hadde laga eit flott «gameshow» med ulike utfordringar for ungdommane. Og Ung-utvikler i ImF, Cecilie Skår Holmgren, var helgas talar. Fredag tok ho oss med inn i likninga om såkornet og talte om kor viktig det er at Gud får fylla «hjartetanken» vår med det han har å gje inn i våre liv.
Fullt hus med heile familien
Søndag var salen full då heile storfamilien samlast til fest. Kjetil Stautland, vår trufaste styrar gjennom mange år, leia festen på ein framifrå måte. I starten stilte to små jenter seg opp på scena og byrja å synga første verset av Jesus er kongen min. Vers to vart sunge av ein ungdom, deretter kom ein forelder og så ein bestefar, før vi alle vart med i siste verset. Ei sterk oppleving.
Borgny Flatland og Sefora Badibanga frå Kongo og elev på Sogndal vgs. vart intervjua i saman. Sefora berra elskar leir og var så glad for den hjelpa ho hadde fått på leir til å leve saman med Jesus i kvardagen. Borgny har følgd Lyngmo og lagt ned ein utruleg innsats som frivillig gjennom alle dei 60 åra og heilt fram til i dag. Ho var faktisk leiar då eg var på min første Lyngmoleir påska 1974. Den leiren fekk eg ha mitt første vitnemål som 12-åring.
Cecilie tala denne dagen om innbydinga til den store bryllaupsfesten. Gud har gjort alt ferdig og vil dela det beste med oss gjennom Jesus. Det er jo derfor også Lyngmo eksisterer.
Sauebjølle utan sau
Etter talen var det helsingar. Sondre Orrestad frå ImF og Trond Kråvik frå Misjonssambandet fekk overrekt blomar og ei sauebjølle frå begge eigarorganisasjonane. Poenget med bjølla var at sauen mangla, men bjølla skal minna oss om å vera saman med Jesus og leita etter den eine. Det har vore, og er, ei glede å få stå saman med Indremisjonsforbundet i dette arbeidet på Lyngmo.
Bjølla vart og brukt til ein klassisk leirleik. Salen vart delt i to lag og det var om å gjera å koma fram og ringe i bjølla først etter at ulike utfordringar vart gjeve til publikum.
Heile salen i aktivitet
Til slutt vart alle som på ein eller annan måte hadde hatt ei frivillig oppgåve knytt til Lyngmo, bedne om å reise seg. Nesten heile salen spratt opp. Det seier noko om kva Lyngmo betyr for kristenfolket i Sogn.
Ordførar i Luster, Andreas Wollnick Wiese, retta ein stor takk for det Lyngmo betyr i kommunen og lova at kommunen vil gjere det dei kan for å støtte Lyngmo også i framtida.
Til slutt vart det sunge eit knippe med ulike leirsongar frå ulike tidsepokar før vi alle gjekk til eit flott kakebord som avslutning på festen.