Bildet viser en glad Ole Petter Stenberg

Frå Preg-barnehage til ungleiar

– I Preg-barnehagen fekk eg vekse i oppgåvene i mitt eige tempo. Der har eg hatt ein fantastisk leiar og flotte kollegaer, seier Ole Petter Stenberg, som 1. august begynte som ungleiar i region Nordvest.

Ole Petter (36) bur i dag på Stranda i lag med Åshild og dei to små borna Sunniva og Simon, men det var på Averøya han vaks opp i lag med to yngre brør. Han er over gjennomsnittet interessert i fotball og har tidlegare vore aktiv som fotballdommarHan er dessutan veldig stolt av potetåkeren sin, som han gjødslar med «gullvatn», som gir svært god avling. 
 

Vestborg. 

Då han skulle velje vidaregåande skule var det ikkje aktuelt å reise til Kristiansund, så han hamna på Vestborg vgs på Stranda. Første halvåret var knallhardt. Eg hadde mykje heimlengsel og reiste heim kvar helgfortel Ole Petter, men seier vidare at heimlengselen gjekk over etter ei tid og at på Vestborg fekk han vener for livet. 

Åra på Vestborg vart viktige for han, og det var her han tok valet om å følgje Jesus . sjølv om han eigentleg har følt seg som kristen heile livet. På Vestborg vart han og kjent med Åshild, som han seinare vart gift med. 

Meiningsfullt. 

Etter dei tre åra på Vestborg vart det eit år på bibelskulen Fjellhaug i Oslo. Så fekk han eit år som eittåring for Misjonssambandet i Øygarden, der han reiste i team og mellom anna var mykje på leirar. Ole Petter tok også eit års-studium i KRLE på Fjellhaug før han studerte til førskulelærar i Bergen.  

Åshild og han flytta til Stranda etter studieåra, og han jobba i barnehage på Stranda dei første åra, før han fekk jobb i Preg barnehager i Sykkylven. Det vart syv år i Sykkylven som pedagogisk leiar.Der har eg fått mykje oppbacking, og lov å prøve og feile, noko som har gjort meg tryggare i rolla,sier Ole Petter.  

Det er meiningsfullt å få jobbe tett på borna, og få lov til å fortelje om Jesus til dei. Eg kjem til å sakne det. Ver gjerne med å be for desse borna som går i Preg-barnehagane. 

Leir og konfirmantarbeid. 

No gler han seg til dei nye oppgåvene som ungleiar, der han skal leie barne- og ungdomsarbeidet i Nordvest i lag med BUR (barne og ungdomsrådet) 

Oppgåvene er mange, og han skal mellom anna organisere og delta på leirar og i konfirmantarbeidet Konfu, besøke barnelag og etter kvart blir det litt forkynnaroppdrag.  

Han gler seg til å bli kjent med kollegaer og frivillige, og til å møte borna på leirar og i barnelag. Han trur og det blir fint med meir fleksibel arbeidstid, men er spent på korleis kvardagen blir, korleis det blir å kombinere arbeid og familieliv i tida framover.  

Ver med å be for Ole Petter og oppgåvene hans, og for Åshild, Sunniva og Simon.  

Denne saken ble først publisert i regionutgaven av Utsyn. Utsyn er Misjonssambandets organisasjonsblad, og kommer ut 12 ganger i året. Fire av disse er regionutgave. Regionutgaven av Utsyn er gratis. Ønsker du å få tilsendt dette eller ønsker du å bli abonnent? Kontakt oss på abonnement@nlm.no / 22 00 72 00.
Alle regionutgavene kan også leses her: https://utsyn.no/regionsider/misjonssambandet-nordvest