Det er på tide å igjen minne om tilbodet med bibelundervisning i Region Nordvest. Kjent som «Levande tru – Bibelen i livet».
Gjennom mange år har dette vore eit mykje brukt tilbod fleire stadar i regionen vår. Fleire brukar det jamnt framleis, medan det i andre forsamlingar og fellesskap er meir ukjent. Som før er det 3-4 samlingar med undervisning frå Bibelen/truslæra, med god tid til samtale og spørsmål.
Viktig tema om nådemidla
Sjølv gjennomfører eg denne hausten ein undervisningsserie i Misjonssalen i Ålesund. Der har vi eit tema om nådemidla. Om Guds ord og forkynninga, om kva Bibelen lærer om dåpen og om nattverden. Kva Bibelen seier om desse sakene, tenkjer eg det er viktig å ha klare tankar om i alle kristne forsamlingar og fellesskap. Kanskje er særleg temaet om dåpen noko som alltid engasjerer. Både undervegs og i etterkant har eg opplevd god samtale og viktige spørsmål som kjem fram. Det er lærerikt og nyttig også for meg som forkynnar å få tilbakemeldingar og å høyre andre sine tankar om det som kanskje er litt vanskelege tema. Dette samspelet set eg stor pris på.
Oppmoding
Med dette er oppmodinga gjeven. Bruk gjerne «Levande tru» i fellesskapet ditt. Det krev ikkje så mykje tilrettelegging. Oppvarma lokale, ønskje velkomen, og kanskje ein liten kaffisup til samtalen. Ta kontakt med regionkontoret. Vi er fleire av forkynnarane i regionen som arbeider med dette. Og tilbodet vert jamnt utvida med nye tema. Nedanfor finn du oversikt over det som er tilgjengeleg frå og med denne hausten. Og elles finn du meir under emneknappen «ressurser» på heimesida.
Tilgjengelege tema i «Levande tru-Bibelen i livet» (2025)
«Gud gir nåde», Ordet-Dåpen-Nattverden, v/Lars Kjetil Emblem (Nr.2)
«Med ørneblikk på tid og æve» – Johannesevangeliet, v/Oscar Nordbø (Nr.3)
Salmane – «å tale sant om livet», v/Oscar Nordbø (Nr.15)
«Dei ti boda – Guds gode vilje til beste for oss», v/Lars Kjetil Emblem (Nr.22)
«Kva trur eg eigentleg på?» – dei tre trusartiklane, v/Lars Kjetil Emblem (Nr.24)
«Skrifta åleine – nåden åleine – trua åleine», v/Lars Kjetil Emblem (Nr.26)
«Liv, lys og kraft» - Eg trur på Den Heilage Ande, v/Oscar Nordbø (Nr.27)
«Ei reise gjennom Kolossarbrevet», v/Lars-Petter Ødegård (Nr.29)
«Tenande liv» - diakoni i Bibelen, v/Lars-Petter Ødegård (Nr.31)
«Å vere ein åndeleg kristen»- å dele Jesus med andre, v/Lars Kjetil Emblem (Nr.32)
«Engler og demoner», v/Lars-Petter Ødegård (Nr.34)
«Korleis vart Bibelen til?»- Oppbygging, innhald og bruk, v/steinar Dimmen (Nr.35)
«Gud tilgir synd» - Forsoning – tilgjeving – fødd på ny… , v/Steinar Dimmen (Nr.36)
Filipparbrevet – «Glede i Herren», v/Lars Kjetil Emblem (Nr.38)
Profeten Hosea, «vår utruskap – Guds truskap», v/Lars-Petter Ødegård(Nr.40)
Bergpreika – «radikalt disippelliv», v/Lars Kjetil Emblem (Nr.41)
«Med trua i motvind» Kristen i eit samfunn i endring. Tankar om trendar i tida. v/Oscar Nordbø (Nr.43)
«Elisja, send av Gud» – mirakelprofeten som endra Israel, v/Lars-Petter Ødegård (Nr.44)
Profeten Jeremia – i smerte og håp, v/Lars Kjetil Emblem (Nr.45)
Nye tema 2025
«I min Fars hus» - tema frå Salme 27,32 og 22, v/Steinar Dimmen (Nr.46)
Nattverd og nådegåver – hovudlinjer ifrå 1.Korinterbrev, v/Lars-Petter Ødegård (Nr.47)
«Gammal bok – aktuell bodskap» - Dommarboka i G