
Eg møter Lars Kjetil og Elisabet i heimen deira på Emblem til eit intervju.
Lars Kjetil er tilsett som forkynnar i Region nordvest. I sommarhalvåret har han alltid arbeidd som sjåfør.
– Eg starta mi forkynnargjerning i 1981,ogopplevdedå eit kall til å forkynne og dele det eg sjølv har sett i Guds ord. Etter nokre år gjekk eg Fjellhaug Bibelskule si forkynnarlinje. Dette er bakgrunnen for eg har meir enn 40 års erfaring som forkynnar, fortel Lars Kjetil.
DELT KALLET
Elisabet og Lars Kjetil gifta seg i 1991. – Eg var då tilsett i misjonen, og visste litt kva det innebar å vere gift med ein forkynnar, seier Elisabet.
Lars Kjetil forsett, – Vi har delt kallet. I starten var eg mykje borte, og mykje ansvar fall difor på Elisabet. Det hadde ikkje gått utan ei felles forståing av kallet som forkynnar.I dag er arbeidstid heilt annleis lagt opp, med mindre tid borte frå heimen, og det er eg glad for.
FORKYNNERNÅDEGÅVER.
– Forkynninga er ei nødvendig tenestei den kristne kyrkja for å halde oppe og å skape tru i eit menneske sitt liv, fortel Lars Kjetil.Han held fram at det er eit nådemiddel – dvs. det bringar Jesus og hans frelse til oss. – Utan forkynninga av Guds ord vil truslivet i den kristne forsamling døy ut og den kristne kyrkje forsvinne», seier han.
Han har settat det er unge som kan ha ei forkynnarnådegåve, og han håper at vi oppmodar deiog gir dei tillit til åutvikle denne gåva. – Eg trur vi må skape slike plassar eller anledningar der vi kan dele frå Guds ord. Det kan vere eit opningsord, eller ei kort andakt. Eller å ei utfordring til å dele si eiga trushistorie, arrangere «små møter» der dei kan få prøve ut forkynnarnådegåva si, eller liknande. Dei fleste av oss startar og får utvikle forkynnartenesten på den måten, fortel han
BODSKAPEN.
– Kva er den viktigaste bodskapen du vil nå ut med?
– Friheita i Jesus og hans frelseverk. Det høyrest enkelt og greitt ut, seier Lars Kjetil, men legg til at det er vanskeleg. – Vi har veldig lett for å blande inn så mange andre ting, det er så lett å legge tileitmenog eit burde, eller ting vi sjølve må få til. Slikt er framandt for evangeliet og nåden i Jesus Kristus.
Han fortel at Guds ord som lov og evangelium alltidhar vore ei referanse for ham. Det inneber at forkynninga må vise oss at Gud er heilag, og i møte med han vil vi oppdage vår synd, men evangeliet er noko heilt annleis, det er lovnaden om nåde og tilgjeving ved trua på Jesus. – Disse to sidene ved Guds ord må alltid forme forkynninga, seiar han.
BIBELTRUSKAP.
Han legg stor vekt på Bibelen og truskap mot ordet. Det er ei veldig tryggheit og kvile for hamat bodskapen er i samsvar med Bibelen. – Truskap mot ordet og Bibelen er difor heilt avgjerande for meg og mi forkynnarteneste.Det gir meg friheit frå meg sjølv, men samstundes gir det forkynninga eit autoritet som er utanfor meg sjølv, seier han og legg til. – Der Bibelen sin bodskap vert borte, vil menneske sjølv utforme si tru etter eigne tankar og idear. Men Bibelen er gitt oss for at vi skal høyre Guds stemme, og lære hans vilje og ord å kjenne.
Lars Kjetil les mykje, og særleg teologi og kristen litteratur av ulikt slag. Han er godt orientert om kristne spørsmål som er oppe i tida.
– Når hausten kjem, då gler eg meg til å starte på som forkynnar, for eg likar å formidle det eg har sett i Bibelen. Eg har alltid opplevd forkynnarglede, ogeg kjenner på takk til misjonsfolket og til regionen som har gitt meg denne tillita og oppgåva. Men gleda og takka må eg nok først og fremst rette til Gud som kalla og gav meg denne teneste, avsluttar Lars Kjetil.