
Bli med å bidra til at born og unge får reise på leir!
Her i Midt-Norge er me så heldige å kunne tilby økonomisk støtte for at ingen born og unge skal stå utanfor leirtilbodet i regionen. Me er takknemlege for alle gjevarar så langt og pengane har verkeleg fått betydning. Heile 69 gjevarar har bidrege og nesten 30000 kr har kome inn.
Sidan me starta opp med ordninga for litt over eit år sidan har me fått inn og godkjent 34 søknader. 8 søknadar berre på dei tre siste dagane. Tenk det! Me ser stort på og er takksame for alle som har kunna kome på leir gjennom ordninga og håpar å kunne fortsette slik i lang tid framover. Til det treng me gjevarar.
No er sesongen for juleleirar snart i gang og me forventar at fleire søknadar kjem inn. Saldoen på leirstøttekontoen er no rundt 8000 kr så me treng nytt påfyll.
Les gjerne diktet under, skrive for anledninga, både for deg sjølv og ditt fellesskap. Tusen takk for di støtte!!
Leirstøtte i Midt-Norge - Norsk Luthersk Misjonssamband