Bildet viser glade mennesker som står samlet.

Alphakurs i Vanylven

«Er livet mer enn dette? Hvem er Jesus? Hvorfor døde Jesus? Hvordan kan jeg tro?» Kan du sjå for deg fleire grupper som sit rundt bord og samtalar om dette? I vår opplevde vi sju slike kveldar i Vanylven, nokre gongar kom over 30.

- Vi har lyst å tipse fleire om å arrangere Alpha, seier Alf Kåre Rønnestad, initiativtakar til kurset,difor deler vi gjerne våre erfaringarI fjor var det omtrent 30 000 kyrkjer og organisasjonar som arrangerte Alpha rundt om i verda. 

Her er nokre stikkord om start og gjennomføring: 

  • Initiativ: Samrådingsmøte for bedehusa, korleis få kontakt med yngre? Idé: Alphakurs! 

  • Bønn: Frå første stund var det klart at her trengs det bønn, heile vegen. 

  • Organisering: Ei gruppe med folk frå fleire bygder vart valt. 

  • PR: Idémyldring i gruppa: Korleis invitere, finne nøkkelpersonar som kaninvitere i sine nettverk. Knallbra brosjyre vart laga av ein i gruppa.Facebook: Felles bedehusside og bygdesider vart brukt. 

  • Innhald: 15 gode undervisningsfilmar på vel 20 minutt der to unge programleiarar let oss møte viktige spørsmål i livet.. Menneske deler livserfaringar og vitnesbyrd. Ikkje-truande kjem også til orde. Alpha sin grunnleggar, Nicky Gumbel, har fleire gode innslag med undervisning. Filmane er teksta på norsk. 

  • Vanylven: 7 kveldar / 7 tema  i denne omgang. 

  • Stad: Gudshus eller nøytralt hus? Hakallestranda bedehus vart valt, dei har mannskap til å ordne det praktiske. 

  • Alphakveld: 1900 – 2100.  Ein halv time kveldsmat, så film, så samtale i grupper.Underskrivne var med og hjelpte med praktisk tilrettelegging. 

  • Gruppeleiarar: Stor glede over at kristne med ulik alder tok ansvar. God hjelp av deltakar- og leiarhefte som vart bestilt. 

  • Økonomi: Bedehuset dekte utgiftene, og frivillige gåver gjorde at det gjekk i balanse. 

 

Alf Kåre Rønnestad var den som kasta fram idéen om Alpha og stod som lokal leiar av kurset.   

Kva var motivasjonen bak kurset?  

Vi ønskjer å få fleire unge med og vi ønskjer å dele evangeliet. Og så såg vi dette som ei anledning til at alle kristne kunne gjere noko ilag. 

Ser du resultat?  

Fornying! Glede over å kunne samtale om trua! Yngre gruppeleiarar! Og filmane opna augene for evangeliet. Nokre av dei som kom, går ikkje ofte på kristne møte.  

Og så må eg legge til at Alpha vart ein snakkis i bygdene. Eg er sikker på at dette vart eit kall også for fleire som ikkje kom! 

Kva tenkjer de om vegen vidare?  

Ei bibelgruppe for kvinner startar til hausten, og vi tenkjer på å dele mannsgruppa vår. Og kanskje blir det no lettare å få til eit nytt kurs. Gud kallar på folk! 

Meir info om Alpha: norge.alpha.org (her kan du også sjå filmane på førehand)