Innvik Fjordhotell ligg som ei unik perle heilt i sjøkanten i den vakre Nordfjorden. Her arrangerer me Bibelhelg 26.-27. sept.
Tema for helga er «Jakta på lukka», med tekstar frå Forkynnaren. Bibeltimane er ved Jon Håvard Gundersen, forkynnar i Misjonssambandet sørvest.
Fjordrestauranten serverer god heimelaga mat med nydeleg utsikt ut over fjord og fjell. Med fredeleg atmosfære, eiga badestrand, sandvolleyballbane og kort veg til fantastiske turistattraksjonar er hotellet eit ypperleg valg for ei slik helg. Ønskjer du koma dagen før, er det fullt muleg og avtalast direkte med hotellet.
Dette er ei helg for heile familien. Trond Kråvik m.fl. vil ha opplegg for barn og ungdom. Marte-Iren og Ingrid Lade deltek med song.
Programmet for helga ser slik ut:
Laurdag 26. sept
Kl. 11.30: Bibeltime: «Frå 'alt er tomhet' til 'alt er blitt nytt'»
Kl. 13.00: Middag
Kl. 16.00: Ettermiddagskaffi
Kl. 16.30: Bibeltime: «Mine tider er i di hand»
Kl. 18.30: Kveldsmat
Kl. 20.00: Misjonsmøte m/ Malvin Ommedal. Minikonsert ved Marte-Iren og Ingrid Lade
Søndag 27. sept.
Kl. 08.00: Bønesamling
Kl. 08.30–09.30: Frukost
Kl. 10.00: Nattverdsamling, andakt v/ Trond Kråvik
Kl. 11.00: Bibeltime: «Dei to utkikkspunkta»
Kl. 12.30: Middag med avslutning
Pris for helga er kr 1.400,- pr person i dobbeltrom. Tillegg for enkeltrom er kr 300,-
Barn: 0-4 år: Gratis. 5-13 år: kr 650
Makspris for ein familie: kr 3.200.
Påmelding til helga skjer direkte til hotellet
- e-post: post@innvikfjordhotell.no
- telefon: 57 87 49 90
Her kan du laste ned brosjyra for helga.