Bildet viser Ingebjørg Hildre

Japanmisjonæren

I fjor haust var det 40 år sidan Ingebjørg kom til Japan første gong. Men ho vil ikkje gi seg sjølv om ho har nådd pensjonsalder.

Tanken på å bli misjonær i Japan vart tent i møte med Anna Gamlem, søskenbarnet til far min, fortel Ingebjørg.då eg skulle plasserast, var det naturleg for meg å ønskje meg Japan. 

Mange og varierte oppgåver 

Ingebjørg har vore internatleiar på bibelskulen og gjort kontorarbeid for den norske skulen, og i1995 fekk ho ansvar på misjonen sitt kontor 

Frå 1999 har ho vore styrar for Aobaen barnehage, som vart starta av NLM i 1951.I tillegg er Ingebjørg kontorsekretærog rekneskapsførar.Ho fører rekneskap, ordnar med bagasje, leitar etter hus og skrivleigekontrakt for andre misjonærar.  

I frå april i år er Katsuko Sigurdsson tilsett på kontoret, men Ingebjørg reknar med det blir eit år med overlapping. Etter kvart vil ho bruke meir tid i barnehagen, som ho verkeleg brenn for.  

I 2005 gifta ho seg med Doo-HwanCho. Han er ikkje misjonær, men han gjer det han kan for å støtte henne i kallet, fortel ho. 

Bildet viser porten inn til huset til Ingebjørg og Doo-Hwan. Der navnet til Ingebjørg står på venstre side og mannens navn står på høyre.
Porten:Her bur Ingebjørg og Doo-Hwan. Ingebjørg Hildre

Ilag med barna og familiane 

Eg har tenk å jobbe til eg er 70 år, og etterpå vil eg framleis vere aktiv i teneste i Japan på pensjonistvilkår. Eg veit ikkje når eg eventuelt reiser heim til Norge for å bu der, fortel ho, og legg til at ho føler seg meir heime i Japan enn i Norge.Men det er barnehagen ho brenn mest for. Eg håper barnehagen framleis er i driftnår eg går av med pensjon,slik at eg kan bruke også siste del av tenestetida mi ilag med barna og familiane deira. 

Ho fortel om ein treåring som byrja i barnehagen. Han var veldig lyttande og saug til seg alt han høyrde. Når han kom heim, fekk mora streng beskjed om at dei måtte be for maten før dei byrja å ete. Han sa fram bibelvers som han hadde lært på barnehagen. Då han var blitt fire år, var han med og leia samlingsstunda i barnehagen, og han byrja å be frie bøner heime. Han bad omtrent kvar dag om at han kunne få ei søster. Han hadde lært på barnehagen at han kunne be om alt. Og han fekk ei søster. Det vart så sterkt for mora, så ho byrja å gå til kyrkje. Då dottera var omlageitt år, vart alle tre døypte. Faren er ikkje blitt ein kristen, men han var i dåpen, og han henta borna på søndagsskulen. Denne guten er omtrent 30 år no. 

Frå april vil dei ha 28 barn i barnehagen, men dei ville gjerne hatt 30-35. Målet er ikkje  bli ein stor barnehage, men å bli stor nok til å bere seg økonomisk. Vi ser at det er eit behov for ein liten barnehage som verkeleg ser eitt og eitt barn med det behovet barnet har, seiar Ingebjørg. 

Dei er takksame for at alle som er tilsette er kristne. Gong gong har dei opplevd at Gud ser behov, og sender oss det personalet deitreng. 

Søndagskuleguten i Kakogawa 

Det er kjekt å ha vore lenge i landet, for då kan eg følgje med familiar og ungdommar, fortel ho vidare. To unge jenter har byrja å spele orgel på gudstenestene. Begge har eg kjent frå dei var i mora sin mage.Og ein gut som gjekk på søndagsskulen i min første periode i Kakogawa, er nopastor og har også vore kontorleiar for kyrkja vår. Det er morosamt å tenkje på at han var sjetteklassing då eg arbeidde der for 38 år sidan, avsluttar Ingebjørg. 

Bildet viser Ingebjørg sammen med søndagsskolegutten som i dag jobber som pastor.
Søndagsskuleguten:Ingebjørg ilag med søndagsskuleguten Shigeru Okazaki. Inger Valbø
Denne saken ble først publisert i regionutgaven av Utsyn. Utsyn er Misjonssambandets organisasjonsblad, og kommer ut 12 ganger i året. Fire av disse er regionutgave. Regionutgaven av Utsyn er gratis. Ønsker du å få tilsendt dette eller ønsker du å bli abonnent? Kontakt oss på abonnement@nlm.no / 22 00 72 00.
Alle regionutgavene kan også leses her: https://utsyn.no/regionsider/misjonssambandet-nordvest