
Den 14. juni var det avslutningsfest på Vestborg VGS. Årets russ fekk karakterutskrift og vart takka. Det vart også personal og medelevar. Russen kunne også meddele kor mykje dei hadde samla inn til Misjon i Indonesia i løpet av festen.
Bunad, vask, mat og feiring
Mange har kjennskap til korleis denne dagen brukar å vere i år passar stikkord som: Vaskelister, photo shoot, oreokake, bunad, for høg temperatur for bunad, takksemd, koldtbord, tårer, glede, humor og takk.
Takk
Det var mange som takka. Rektor takka. Elevane takka årets lærar; Torstein Habostad. Foreldre takka alle lærarane og rektor. Regionleiar takka russen for framifrå innsats. Førsteklassingane takka tredjeklassingane for fellesskap på tvers og omsorg frå dei og sendte dei ut med ei velsigning i form av song. Dei lettrørte var i ferd med å sei takk for seg, då det endeleg var klart for god humor med parodi på lærerar og stabssamlinga deira.
Ein fullsatt sal fekk avslutte året for alle og ein kvar, men særleg i fokus var tredjeklassingane. Desse hadde ikkje berre avslutta tre års videreutdanning men hadde og kome i mål med misjonsprosjektet for året. Russen har gjennom året samla inn til arbeidet Misjonssambandet driv i Indonesia. Ved hjelp av revy, elevkveld, misjonsløp og ein heil del andre arrangement og initiativ har dei klart å samle inn over 570.000,- til arbeidet.
I tillegg til å samle inn, så har dei fått vore med på å sett kva det kan bety å gjere ein innsats for noko utanfor seg sjølv. Vi i Misjonssambandet er storleg takksame for innsatsa!