Bildet vider forbedere som ber for ekteparet Møgster som skal reise til Elfenbenskysten

Fellesskap om misjon på Vestnes

Då var Fellesskap nordvest og regionårsmøtet over for denne gang. Vi takkar alle besøkande for ei nydeleg helg på Vestnes. Her kan du lese litt om helga og resultata frå vala.

Grete Yksnøy Martinsen opna helga med temaet Skapt til fellesskap. Ho forkynte at vi var skapt både til fellesskap med Gud og med kvarandre. Dette dykka Grete djupare inn i på seminaret seinare same laurdagen og på familiemøtet søndag der temaet var Jesus og den eine.

Bildet viser Grete Yksenøy Martinsen som taler
Ole Audun Os

Borna tok så avgårde på Barnas fellesskap i tre puljer: Jungelgjengen, Epic og Moldebadet. Ungane kunne melde om fine samlingar og kjekke aktivitetar denne laurdagen.

Delegatane som var att deltok i årsmøtet med årsmeldingar, lovendring, samtale om «Evangeliet til neste generasjon» og val. Resultat av vala kan lesast nedst i denne saka. Seinare på dagen deltok dei vaksne deltakarane på eit av tre seminar: Jon Georg Fiske hadde om menighetsplanting, Lars Kjetil Emblem tok oss med inn i vedkjenningsskriftene og Grete hadde om fellesskap på tvers av generasjonane.

Bildet viser Lars kjetil Emblem som holdt seminar om bekjennelssesskrifter
Lars Kjetil Emblem:Lars Kjetil hadde seminar om våre bekjennelssesskrifter Steffen Stensland

Jon Georg Fiske talte på kveldsmøtet om å vere kjent, rotfesta og styrka frå Efeserbrevet. Søndagen underviste han ut i frå same brev om korleis vi som Andens tempel er med å bringer Guds nærvær der vi er utsendte, og at vi er saman om misjon. Dette temaet høyrde heime på dette møtet, då vi fekk nytte samlinga til å innvie ekteparet Møgster som misjonærar. Ein klar påminning om at vi er eit sendefolk. Det vart og tatt opp på siste møtet, då vi alle vart sendt heim med kall og velsigning der vi er lokalt.

Gjennom helga fekk vi lytte til fleire dyktige songarar. Ruth, Rannveig og Brit Marie song på opningsmøtet, ungdomskoret vårt Kairos gav oss kraftfull song på fleire møter og Maria Engås Halsne bidrog med to songar der ein av dei var sjølvskriven.

Bildet viser 3 damer som synger og spiller gitar
Ruth, Rannveig og Brit Marie:Ruth, Rannveig og Brit Marie deltok med flott sang under åpningsmøte Ole Audun Os
Bildet vise mange ungdommer som står oppstilt i et kor
Ungdomskoret kairos:Kairos deltok med kraftfull sang på 2 av møtene Ole Augun Os

Dei sterkaste av deltakarane var aktivt med då Vestborg VGS arrangerte Alle mot 1 laurdagskvelden. Det vart arrangert ei kronerulling der vinnaren stakk av garde med det som var samla inn. Geir Henning makta ikkje å vinne over «alle» og dermed var det Vestborg som fekk i overkant av ni tusen kroner.

Bildet viser mange glad barn og voksne som sitter i en ring
Alle mot 1:Det var god stemning i lagene under Alle mot 1 Ole Audun Os

I tillegg til dette kom det inn over 153.000,- i kollekt denne helga. Vi er takknemlige for alle som på ein slik konkret måte er med å sende ut misjonærar til teneste.

Søndagen klarna været og i flott solskinn var det misjonstivoli for store og små.

Alt i alt drog vi takksame heim fornya etter å ha erfart fellesskap med andre som på ulikt vis står saman i kallet om misjon. Vi ser fram til neste Fellesskap nordvest som vert 30.-31. mai i Torvikbukt på Høgtun – Nordvestlandet Folkehøgskule.

Valresultat:

Regionstyret:

 

Kjellaug Myklebust

 

Rune Sæter

 

Brynjar Muren

1. vara

Elin Moldsvor

2. vara

Tore Larsen

 

Frå før sit: Sverrir Olafsson, Ingrid Steinshamn, Arnfinn Stige og Oddhild Skjong.

 

 BUR:

 

Synnøve Os

 

Magnus Starheimsæter

1. vara

Ole Jørgen Haram

2. vara

Hanna Marie Volle

Frå før sit: Ane Marta Lindseth Stige, Asle Stenberg og Silje Berg Straume.

 

Regionalt tilsynsråd:

 

Lars Kjetil Emblem

 

Hallvard Nordstrand

1. vara

Odd Arne Haram

 Valgkomité:

  Silje Knardal Johansen
  Ole Audun Os
  Anders Saltbones
1. vara Øystein Strand
2. vara Anders Egil Straume

 Frå før sit: Ragnhild Fauske og Eli Hånes