
For tredje året på rad inviterte Misjonssalen Kristiansund til 17. mai-frukost – ei samling som no byrjar å bli ein god og kjær tradisjon.
Klokka 10 på nasjonaldagsmorgonen var rundt 20 personar samla til eit festpynta langbord. Nokre av dei var innom Misjonssalen for aller fyrste gong.
Det som stod på menyen var heimelaga og medbrakt av fleire personar. Det var både rundstykker, eggerøre, karbonade m/løk, kjøttpålegg, kyllingsalat, cabaret m/reker og mykje meir. Det var ekstra hyggjeleg å sjå korleis både unge og eldre fann seg til rette, faktisk var aldersspennet denne dagen heilt ifrå 0 til 75 år og samtalen gjekk lett over kaffikoppar og flaggdekte serviettar.
Etter måltidet tok vi oss tid til å markere dagen med song. Vi stemte i både nasjonalsongen og Fedrelandssalmen og kjende på takksemd over å få bu i eit fritt land.
Og i glede over nasjonal fridom blir vi også minna om den djupe og evige fridomen vi har fått i Kristus – ein fridom vi får leva i kvar einaste dag.