
Eg veit ikkje kva assosiasjonar desse tre orda gir deg: La lyset skinne. Hos meg gir dei ein konkret assosiasjon: Prosjektkatalogen vår som samla presenterer arbeidet i Misjonssambandet, denne vart lansert no i februar.
Tittelen på denne prosjektkatalogen er «La lyset skinne». For meg er det noko provoserande i den tittelen og samtidig ei stor trøyst. Den provoserer meg fordi detn er så passivt. La lyset skinne. Det er lite handgripeleg og vanskeleg å ta del i. Kor skal ein begynne?
Passiv inngang
Det siste året har vi hatt store nedbørsmengder på Sunnmøre, noko som har ført til rimelegare straumprisar og meir innetid enn nødvendig for dei fleste. Saman med regnet følger det utfordringar som må løysast. Eg er av den typen som vert trigga av ein tett sluk, grøftekanal eller andreliknande fortettingar. Fleire gonger når eg har vore ute, har eg kome over eit avløp som er gått tett.Då har eg enkelt og greitt kunna fjerne lauv, greiner og anna som har tetta til. Eg opplever ei overraskande stor tilfredsstilling i det å løyse opp slike problem og sjå at ting vert sett i rette stand. Når ein er slik skrudd saman, vert «la lyset skinne» litt for passivt.
Så er det likevel slik at i Gud sitt ord så er denne passive inngangen på kristenlivet faktisk lyft fram fleire stadar. I det nye testamentet vert kristne beskrivne som: ein by på fjell, eit tre eller grein som veks, ei kjelde det vellar fram frå, eit lem på ein lekam osv.Mange «passive» bilete på korleis vi skal vere. Det er feil å seie at det er berre denne typen bilete som er der, men dei er der desse og.
Det er fordi det er heilt grunnleggande i sunt kristent liv, at det gode som skjer i livet våre, har sitt initiativ og kraft frå Gud sjølv som har tatt bustad i oss.
La lyset skine
På sommarens generalforsamling, Misjon25, så er temaet «Livets lys». Då er det verken Misjonssambandet, meg og deg som er engasjerte i denne organisasjonen eller dei tinga vi gjer, som er fokus. Det er han som er det faktiske livets lys som strålar inn i våre hjarter og derfrå ut til alle som tek imot han.
Derfor er det eit passande tema for ein prosjektkatalog som beskriv arbeidet vi gjer i Misjonssambandet. Vi vil at menneske, fylt av Anden og evangeliet, vert plasserte i nær dei stadane det er mørkt for at hans lys kan nå inn. La oss be om at det må skje i tenesta di, i mi og i dei vi sender ut.
Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda.Johannesevangeliet 1,9
La lyset skine.