
Etter over fjorten år som ungleiar går Geir Henning over i nye oppgåver. Første august 2025 startar han opp som pastor i Misjonssalen Ålesund.
Etter nokon rundar med seg sjølv og i familien går Geir Henning til hausten over i ei ny stilling i Misjonssambandet nordvest. Regionstyret, regionleiar og resten av leiarteamet er glade for at han ikkje flyttar seg så mange meter.
Kva er det som gjer at du no vil gå inn i ei slik stilling Geir Henning, er du lei barne- og ungdomsarbeid eller er du blitt meir opptatt av forsamlingsarbeid?
Eg vil nok aldri bli lei av barne- og ungdomsarbeid, og har alltid vore opptatt av forsamlingsarbeid. Men opplever no at det er godt, og riktig tid for meg å gå inn i stillinga som pastor i Misjonssalen. Stillinga som ungleiar har eg stortrivst med, og er so glad for alt eg har fått vore med på desse åra. Eg er glad i Jesus og glad i Misjonssalen, så når alt har lagt seg so fint til rette den siste tida gler meg til å ta fatt på nye oppgåver i august. Eg får heldigvis bidra litt inn i barne- og ungdomsarbeidet i Misjonssalen som pastor også.
Du har søkt om permisjon eit år frå stillinga, tek du berre ein pause no, eller kva er målet?
Nei, tanken er å vere pastor ein god del lenger en eit år. Men regionstyret har gitt meg moglegheita til å ta permisjon, og på den måten har eg ei lita bakdør open om det skulle bli for krevjande å kombinera rolla som pastor med familielivet.
Kva ser du fram til i det nye arbeidet du skal inn i?
Det er mykje eg gler meg til! Eg gler meg til å vere enda nærare det lokal arbeidet en det eg har vore dei siste åra. Eg gler meg til å kunne bruke tid på å bli betre kjent med medlemmane i Misjonssalen og alle dei frivillige som bidreg i forsamlinga. Eg gler meg til å bruke meir tid på å forberede talar, og eg gler meg til å få vere med å lede et fellesskap som er samla om at alle menneske skal få eit livsforvandlande møte med Gud!
Kva kjem du til å sakne i frå jobben du står i no?
Eg vil sakne det å reise på en leir å ta imot en haug med barn som gler seg til å komme! Eg vil sakne arbeidet med KonFu-konfirmantane, besøk til dei frivillige laga våre og samarbeidet med ungstaben som eg har arbeid tett med gjennom alle åra.
Geir Henning skal med tid og stunder takkast av som ungleiar, men han er tydeleg sjølv på at han ikkje har starta som pastor endå og at han har mange viktige ting å gjere før han skiftar kontor til hausten.
Kva ligg på planen no framover våren?
Våren blir ein ganske vanlig vår som ungleiar, men det blir litt ekstra fokus på å samle alle trådar for å overlevere stillinga på best mogleg måte for den som er så heldig å ta over ungleiar-jobben.