Ei jungdomsskolejente og en ung mann smiler mot kamera, iført hvite gensere

Misjonstur til Mongolia

Aurora og Arne Bjarte fra Val besøker utsendinger og prosjekter i Mongolia

Aurora Linea Gjøra går i 8. klasse på Val grunnskole, og Arne Bjarte Lid er ungdomsskolelærer på Val grunnskole. De to er i disse dager med på en spennende reise!

Arne Bjarte forteller:

Saman med eit følge på 10 personar frå andre skular i landet har Aurora og eg fått moglegheita til å besøke misjonsmarka i Mongolia, og bli kjent med nokre av prosjekta NLM har her i landet.

Det me lærer og erfarer på denne reisa skal me få lov til å ta med oss heim igjen til skulen vår, slik at elevane kan få eit djupare kjennskap til det me er med på å bygge gjennom misjonsprosjektet me skal ha dei neste åra.

I Khovd skal me få treffe igjen familien Namsvatn som budde på Val før dei reiste ut, og lære meir om det lokale arbeidet i området. Både eg og Aurora gler oss til å oppleve ny kultur, treffe nye folk og bli kjent med mennesker som på ulikt vis bruker kvardagen sin til å gjere Jesus kjent for nye mennesker og vinne verden for Kristus.  

 

Aurora Linea forteller:

Eg har alltid hatt lyst til å dra til Mongolia, og no som me skal ha Mongolia som misjonsland i misjonsprosjektet vårt har eg fått muligheten til å reise dit. Me drar på denne turen for å sjå korleis misjonen arbeider i Mongolia, og for å få lære meir om korleis dei som bur i landet har det der. Eg synst det er endå meir spennende å samle inn pengar til eit misjonsprosjekt når eg har sett korleis pengane blir til hjelp for folk. Eg gleder meg veldig mykje. 

Familien Namsvatn pleide å gå på skulen min, og no er dei misjonærar der ute. Eg gler meg til å treffe dei igjen, og sjå korleis dei lever og arbeider som misjonærar for å fortelle andre om Jesus.

Etter turen vil eg skrive meir om korleis reisa har gått!