Bildet viser Kåre Johan Lid som er pådugnad i det som skal bli ny forsamlingssal.

– Ikkje «ung og lovande»

Etter sju år som leiar av Misjonssambandet sitt arbeid i Noreg, kom Kåre Johan Lid i fjor heim til Sunnmøre frå Oslo. No er han pastor i 40% stilling i Ørsta Volda misjonsforsamling (ØVM) og utfører arbeid i 30% stilling for hovudkontoret.

– Eg er 67 år og kjenner meg ikkje som «ung og lovande», som det heiter. Etter åra ved hovudkontoret hadde eg sett føre meg å trappe meir ned. Så kom spørsmålet om å ta ein tørn som pastor i ØVM, og eg fekk ikkje ro for å svare nei. Det var veldig kjekt å kome tilbake tillokalplanet og miljøet eg høyrer til i, fortel han. 

– Opplever du at tenesta som pastor skil seg frå oppgåvene du hadde den tida du reiste som forkynnar? 

– Å vere pastor handlar også om å vere forkynnar. Men no skal eg i tillegg vere tilretteleggjar og opne opp for andre nådegåver. Eit mål er å oppmuntre til ansvar og teneste, ikkje stå i vegen for andre. 

Kåre har stor breidde i erfaringa si. Han har vore bonde og frivillig i barne- og ungdomsarbeidet i heimbygda. Han har stått sentralt i Misjonssambandet sitt leir- og korarbeid, har vore forkynnar, regionleiar og leiar ved hovudkontoret. 

AVHENGIGE AV GUD.

– Er det organisering og planlegging som skal til for å lukkast i det kristne arbeidet? 

– God tilrettelegging er viktig. Men arbeidet vårt er av åndeleg art og handlar om noko meir. Det avgjerande er at den einskilde får møte Gud, ved hans Ord og Ande. Organiseringa kan vi kanskje meistre, men når det gjeld det åndelege, er vi heilt avhengige av Gud, understrekar Kåre. 

Han viser til at det var ein åndeleg brann i einskildpersonar som i si tid skapte den organisasjonen ØVM er ein del av. Dersom det åndelege samfunnet med Gud vert halde levande i oss, ved Ordet, er Kåre overtydd om at Misjonssambandet framleis vil kunne vere ein reiskap både lokalt og utover jorda. Han ser Misjonssambandet som eit arbeidsfellesskap der små ogstore einingar – og einskildpersonar er heilt grunnleggjande. 

FORSAMLINGAR OG FOREININGAR.

– Kva tenkjer du om Misjonssambandet si satsing på forsamlingar? 

– I dag har vi over 80 forsamlingar av ulik storleik, noko som i stor grad er ei utvikling av lokalt arbeid.Eg ser dettesom fint og spanande. Men satsinga kan vere krevjande for oss somytremisjonsrørsle. Når tradisjonelle misjonsforeiningar har teke steget og gjort forsamlingar av seg,har tanken om å kunne gje god og bibelsk trusopplæring til born og unge, og å halde Bibelen høgt, vorelagt grunn. Og mange ynskjer ei forsamling å «høyre til i». 

Men foreiningar, bibelgrupper og liknande er svært viktige. 

– Små fellesskap har noko i seg som forsamlingar ikkje alltid kan gje. Grupper og foreiningar kan hjelpe oss på trua sin veg på ein annan måte, både til å ta imot og til å gje eller dele. Smågruppene og misjonsforeiningane kan ha like stor verdi som forsamlingane. 

NYE LOKALITETAR.

Før Kåre vart kalla til Oslo, var han som regionleiar med på å leggje til rette for ØVM. Forsamlinga heldt fyrst til i Hovdebygda, seinare Volda bedehus. 

– Heile vegen har det likevel vore tenkt at vi burde ha lokalitetar som var meir tenlege for arbeid mellom born og unge. Det gledelege no er at vi er i sluttfasen med ny forsamlingssal i Elvegata 7, i etasjen over Gjenbruken Volda. Her er det i tillegg til møtesal planlagt kantine, kjøkken og gode grupperom til søndagsskule og lagsarbeid. 

Den ferske pastoren opplever situasjonen som svært spennande. Kanskje vil Gjenbruken og forsamlinga bli til gjensidig glede for kvarandre. ØVM vil kunne få ei utvida kontaktflate og kanskje nå lenger i lokalmiljøet, vonar han.        

 

Denne saken ble først publisert i regionutgaven av Utsyn. Utsyn er Misjonssambandets organisasjonsblad, og kommer ut 12 ganger i året. Fire av disse er regionutgave. Regionutgaven av Utsyn er gratis. Ønsker du å få tilsendt dette eller ønsker du å bli abonnent? Kontakt oss på abonnement@nlm.no / 22 00 72 00.
Alle regionutgavene kan også leses her: https://utsyn.no/regionsider/misjonssambandet-nordvest