
Erfaringar og tankar frå Sverre Hovda om kva det inneber å vera forkynnar.
Eg heiter Sverre, og har reist som forkynnar i mange år. Det trivest eg godt med. Eg treff mange kjekke folk, og får besøka mange forskjellige plasser. Eg opplever det veldig meiningsfullt å dela Guds Ord med folk. Jesus seier jo at det «eine nødvendige» er å sette oss ned å lytta til Hans ord. Då tenker eg at det er viktig at me arrangerer møter der folk får mulighet til å setta seg ned å lytta til Guds Ord.
Å vera forkynnar er veldig variert. Det er å vera på barnelag, ungdomsmøter, møter for voksne, og ha andakt på sjukeheim. Det er mange typar samlingar. Julemesser og basarar. Husmøter og møter i store lokaler.
Eg er ofte på møteveker. Det opplever eg som veldig fint. Å vera saman fleire kveldar etter kvarandre, trur eg gir Gud ein spesiell mulighet til å nå inn til oss.
Ein del av det å vera forkynnar, er og å vera disponibel for samtale og forbønn. Eg opplever at ungdom er mest åpen for det. Men eg prøver å oppfordre voksne til å be om forbønn for både kropp og sjel.
Når eg forbereder meg, ber eg om å få noko frå Bibelen som eg kan dele. Så les eg både i Bibelen, andaktsbøker og oppbyggelige bøker. Når eg har ein tanke om kva eg skal tale om, skriv eg ned det eg tenker å sei. Av og til les eg i Bibelkommentarar for å sjå korleis tekstane i Bibelen kan tolkast. Ofte finn eg og fleire bibeltekstar som handler om det same, for å kaste lys over det eg vil ha fram.
Viss eg blir bedt om å tale om eit tema, prøver eg å finne ut kva Bibelen seier om det. Og les kanskje kva andre har skrive om det, for å få innspel.
Noko som eg synes er spennande å vera med på, er møteplasser der me prøver å nå ut til folk som ikkje vanligvis går på møter på bedehuset. Før var det kanskje teltmøter eller friluftsmøter. I vår tid er det kanskje meir vanlig med Alpha-kurs eller liknande. Av og til driv me og på med evangelisering ute på gata. Sikkert noko me kunne gjort meir.
Å vera forkynnar er eit spennande liv. Det er eit liv i avhengighet av Gud. Skal du ha noko å dela med andre, treng du å få noko sjølv. Men mi erfaring er at Gud er trufast, og gir meg det eg treng for å tena Han.