
Katharine (Katie) og Kjell Magne Møgster reiser hausten 2025 til Elfenbenskysten. Dei er godt erfarne vaksne som og har erfaringar med Vest-Afrika. Likevel vert Elfenbenskysten vert noko nytt.
Katie og Kjell Magne bur i dag på Emblem og arbeidar i skule og helsevesen og har si tilknyting til Emblem Bedehus. Dei har tidlegare vore utsendingar i Mali for frikyrkja, men no skal dei altså reise ut for Misjonssambandet til Elfenbenskysten. Både kultur og språkerfaringa frå Mali kjem godt med når dei no skal inn i nytt arbeid.
Katie skal inn i litteraturarbeid og vil fungere som koordinator for eit alfabetiseringsprosjekt. Ho skal samarbeide med lokale aktørar og bibelomsetjar Olav Brennsæter. Kjell-Magne vil arbeide med både helse-, vaktmeister- og mekanikaroppgåver. I tillegg ser begge fram til å støtta dei lokale kristne i forsamlingsarbeid og disippelgjering
Ver gjerne med å be for dei i denne tida, om at dei får god førebuing før utreise samtidig som dei får fullføre dei oppgåvene dei har her heime.
Vi som region får bli meir kjend med dei på Fellesskap nordvest, regionmøtet vårt på Vestheim. I tillegg vil Katie reise noko i regionen vår til hausten. Vi ser fram til å få dei inn i vårt internasjonale arbeidsfellesskap!