Det er 6 russegrupper frå Vestborg dette året, og dei besøkjer mange ulike stader desse 5 dagane dei er ute på turné.
Gruppa som eg reiste saman med hadde sitt første møte på Midsund bedehus. Det var fullt hus. Alle konfirmantane i kommunen møtte opp og fekk god informasjon både om misjonsprosjektet som dei samlar inn pengar til og om korleis det er å vere elev på skulen.
Dette var første gong Wiktoria frå Valldal, Christine frå Mittet, Markus frå Melhus (Vestnes) og Ingvar frå Emblem hadde ansvar for eit møte på bedehuset. Dei gjorde ein god innsats, og fekk formidle på ein god måte både misjonsprosjektet og skulen. Dette er nyttig lærdom for elevane, og møte med misjonsfolket betyr mykje og skaper gode minner og inntrykk.
Dei samlar inn pengar til misjonsarbeidet i Indonesia. Pengane går til kortsikte diakonale prosjekt som varer i 10- 12 år, men også til å drive det langsikte misjonsarbeidet. Formidling av Guds kjærleik i ord og handling er kjernen i alt misjonæranes sitt arbeid, også i Indonesia.
Vestborg som skule og som læringsmiljø var det siste punkt på programmet. Læringsmiljøet er godt, trivselen for elevane god, og skulen har det siste året opplevd eit stort oppsving i elevtalet, det er i dag 90 elevar. Den landsomfattande undersøkinga om trivsel og skulemiljø som nyleg vart utførd, kom Vestborg best ut av alle offentlege og private vidaregåande skulane i landet. Vi gratulerer.
Russeturneen vert avslutta på søndag, og alle gruppene kjem då tilbake til skulen. I løpet av veka vil dei ha oversikt over kor mykje dei har samla inn til misjonsarbeidet og om dei når innsamlingsmålet dei har sett seg. Dersom du vil vere med å støtte misjonsprosjektet til Vestborgrussen kan du gi gåva på kontonr: 3910 45 83125 eller Vips 129159