
Mange er kjent med Regionmøte, men «Fellesskap nordvest» er nytt for dei fleste. Det er same regionmøte, men vi endrar namn for å få fram noko av essensen i arrangementet.
Vi kjem saman frå nord til sør til fellesskap med kvarandre, med vår skapar og med andre som er med å driv misjon.
Dette året skal vi være på Vestnes som ligg midt i det smørøyet vi kallar Møre og Romsdal. Fellesskap nordvest er som vanleg siste heile helga i mai, som i år er 23.-25. mai. Hovudprogrammet er laurdag og søndag, men vi legg opp til at folk kan kome fredagen for uformelt sosialt fellesskap med varme grillar og god stemning. I tillegg til det har vi planar om ein songkveld same fredagen.
I år kjem to emigrerte Sunnmøringar heim denne helga. Jon Georg Fiske, som er rektor på Fjellhaug Bibelskole og Grete Yksnøy Martinsen, som er sjelesørgar tilsett ved hovudkontoret skal tale for oss denne helga. Vi ser fram til å høyre kva dei har å dele.
For borna vert det samlingar og søndagsskule, i tillegg til kjekke aktivitetar. Dette året er det Moldebadet som er aktiviteten for 5. klassingar og oppover, Epic aktivpark for dei som er 1.-4. klasse og jungelgjengen for dei som ikkje har starta på skulen.
I tillegg har vi planar om gode samtalar på årsmøtet, viktige val og gode seminar på laurdagen.
Du er hermed invitert til fellesskap, ta gjerne med deg nokre fleire. Meir info og påmelding kjem på her på nettsida.