Bildet viser Per Einar Ellinggard som leder nyttårsfesten

Nyttårsfest på Eide bedehus

Medan snøen lava ned utanfor laurdag den 4. Januar, var bedehuset oppvarma og pynta til fest. Det var klart for den tradisjonsrike nyttårsfesten på Eide bedehus.

Eg tok ein prat med Per Einar Ellinggard, ein av drivkreftene bak dette arrangementet.

- Du har vore med å arrangere dette i mange år.
Kor langt tilbake går eigentleg denne nyttårsfesten?

- Hehe, ja sei det, det har eg ikkje heilt oversikt over. Det har no vore ein slik fest so langt tilbake som eg kan hugse i alle fall. Det starta med at vi kalte det for «Vennefest». Då hadde vi ein slik fest ved oppstart av begge semestera.

- Oi, so dette har pågått i fleire tiår altso?

- Ja, tradisjonen er i alle fall 50 år gamal, men det var ikkje eg som starta det opp, so akkurat korttid ein valde å byrje med desse vennefestane, veit eg dessverre ikkje.

- Kven er det som står bak desse arrangementa?

- Det er bedehuset som har stått som arrangør, men indremisjonen hadde ansvar for den i august og Misjonssambandet for den i Januar. Etterkvart so valde vi etterkvart å bytte navn til «Nyttårsfest» i håp om at det skulle verke litt meir åpent, og at fleire enn den innerste kretsen ville kome på dette også. Vi inviterte óg dei kristne i nabogrendene til å delta, slik at dette vart eit fellessarrangement for fleire deler av Hustadvika.

Bildet viser mange mennesker som sitter rundt bord å spiser
God drøs:Det var god drøs og hyggelig selskap under nyttårsfesten Lars-Petter Ødegård



Sjølv om det var mykje snø denne dagen og kjøyreforholda var vanskelege, så var det god oppslutning frå nabogrendene også i år, fleire bilar hadde tatt ut ifrå Vevang til dømes.

Per Einar Ellinggard leda oss gjennom festen på stødig vis, og han satt óg ved flygelet då han og søstra Kirstin Ellinggard, song duett for oss.



Underteikna hadde ei tale frå forklarelsens berg og viste til den herliggjorde Jesus.

So vart det ei kaffepause, med mykje god mat og bakst, før vi fekk høyre to nye songar frå søskenparet. Deretter vart ordet gitt fritt, slik det er tradisjon for på nyttårsfesten, og fleire nytta høvet til å gå fram og dele nokre ord med flokken.

Vi avslutta med å syngje den mektige julesongen som monge kanskje har høyrd oftast på engelsk: «Hark the Herald Angels sing!»,

Trygve Bjerkrheim oversette denne teksten til norsk i 1949 og det var so fint å runde av med denne songen.

Ein ting eg ikkje har lagt merke til er at den både startar det fyrste verset og avsluttar det siste verset med akkurat den same strofa:

«Høyr Guds englar kved i kor: Ære vere Kongen stor!»

Med desse orda fekk vi på ny ei påminning om Jesu herlegdom og vi ser fram til eit nytt år i hans nåde.