Der har du den første mannshelga på Vestheim kort oppsummert.
Sjølv om Eivind Sætre vart forhindra i å kome, på grunn av været, kasta Steffen og Etelney seg rundt og gav oss god undervisning frå Bibelen. Særleg sterkt var det å få nye perspektiv på velsigninga. Sterkt var det òg å ha delekveld ilag, kor det mest var kø for å kome fram og dele ynskje om forbøn, ord frå Bibelen eller ei oppmuntring. For meg sjølv var det særleg sterkt å høyre ein ung mann som vitna om korleis han sjølv vart frelst gjennom å høyre evangeliet på Youtube. Tenk, òg i dag får nye menneskjer eit møte med Jesus i Noreg. Det nytter å be.
Kjekt var det òg at eg med mine 39 år nok var representant for snittet av vi som var samla. Som ein av dei eldre sa; “eg hadde forventa at eg skulle møte slike som meg, altså 60+, men her er vi jo i fåtall.” Men sjølv om vi var i ulike aldre, frå ulike kyrkjelyder og deler av fylket vårt, hadde vi likevel eit fellesskap kor vi kunne vere opne, ærlege og sårbare ilag. Menn som ynskjer å leie barn, koner, vener og kollegaer til Kristus. Kan ein samlast om noko større? Eg trong ei slik helg og gler meg alt til neste år. Kanskje kjem du òg?