Regionstyret har den siste tida gjort fleire tilsetjingar.
Ungleiaren vår, Marta Sortland Leodo, har fått ny jobb. Ho er tilsett som ny administrasjonsleiar i regionen frå 1. januar 2026, då Kirsten Grøteig vert pensjonist.
Før det skal Marta ut i mammaperm frå slutten av januar og ut 2025. I hennar stad er Gjermund Øygarden tilsett i vikariat frå 1. januar 2025. Han vil fungera som ungleiar i 70 % og administrasjonsleiar i 30 %.
Frå same dato vil også Jan Håkon Reinemo vera inne i nødvendig omfang som vikar for administrasjonsleiar i inntil 60 % på årsbasis, fram til seinast 31. desember 2025. Han sit i dag også i regionstyret, så der vil vara tre inn for han, då han får ei anna rolle i regionstyret.
Mongoliamisjonær Jan Ingve Bernssen er også tilsett i regionen i 80 % frå 1. januar til sommaren 2025. Delar av denne tida vil han vera utleigd til Lyngmo Ungdomssenter. Resten vil han vera tilgjengeleg for møteverksemd, så ta gjerne kontakt om de ønskjer besøk av han.
Både Gjermund og Jan Håkon er godt kjende på regionkontoret, då begge har jobba her før, og Jan Ingve har også reist noko i regionen. Me er glade for at dei no kjem tilbake og ønskjer dei hjarteleg velkomne i nye rollar hjå oss!