Bildet er en illustrasjon av Josef og Maria ridende på vei til Betlehem.

God jul og takk frå Misjonssambandet nordvest

Vi ynskjer alle våre frivillige ei velsigna julehøgtid, og takkar for innsats i året som har gått. Kontoret held stengt frå 20. desember og opnar 6. januar.

Takk til kvar og ein som gjennom dette året har brukt av si tid, sine gåver og sine ressursar for å gjere Jesus kjent i Møre og Romsdal og ut over landets grenser. Ein vert audmjuk av å møte så mange menneske som set Guds rike framfor sitt eige og gir for ei større sak. Misjonssambandet består av slike som i sin kvardag lev livet sitt under mottoet «Verden for Kristus».

Eit slikt motto kan ta knekken på kvar og ein av oss. Men det gjer det ikkje, av to grunnar. For det første er vi mange som løftar i lag, kvar og ein av oss finn vår tiltenkte plass og bidrar med det Gud har gitt oss. For det andre, og dette er det avgjerande, så er Kristus for verden. Han som me ynskjer å dele har gitt seg sjølv for denne verden for at verden kan ta imot han. Han gir oss og kraft og styrke til å tene i dette livet.

I adventstida har vi samla oss om at han kjem. Mi oppfordring til deg i denne juletida er å ta imot han som har kome. Fest blikket ditt på han og gled og fryd deg over at han har gitt seg sjølv til deg.

Han var i verda, og verda vart til ved han, og verda kjende han ikkje. Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans. Johannesevangeliet 1,10-12