Bilde av staben i radiokanalen pTro

pTro

I nesten heile Møre og Romsdal- og i nesten heile landet.

Radiokanalen pTro er Misjonssambandet sin radio i Norge. Den starta i 2018 med sendingar på Sørlandet, i Rogaland og i Vestland. Etter kvart har dekningsområdet blitt utvida til store delar av landet. I løpet av 2024 har pTro kome på lufta også i 35 kommunar i Innlandet – og på Sunnmøre, i Romsdalen og på Nordmøre. Det betyr at ca. 70 – 80 % av Norges befolkning no potensielt kan høyre pTro, og det 24/7, altså heile døgnet og heile veka i nesten heile Norge! Frå Trondheim og sørover kan man dei fleste stadar få inn pTro. I Nord-Norge derimot er det større område som ikkje har tilgang til pTro sine sendingar på DAB eller FM, men for eksempel Tromsø by får inn pTro. pTro sin Nettradio kan sjølvsagt nå heile landet. Og kva blir forkynt? Jo, det er den viktigaste bodskapen av alle: Evangeliet om Jesus Kristus – gjennom andakter, ulike innslag og i variert sang og musikk – noko for ein kvar smak.

På Sunnmøre fyller no pTro Radio Nordvest sine sendetimar i det vi kallar FM101-samarbeidet i lag med Radio Sunnmøre og Radio New Life. I tillegg kan nesten heile Møre og Romsdal, inkludert Sunnmøre, få inn pTro sin eigen DAB-kanal som sender 24/7, det same innhaldet som blir sendt elles i landet.

Det er verd å merke seg at pTro har ulike målgrupper for dei ulike sendetimane. For de som likte å høyre på Radio Nordvest kan vi særleg anbefale tidene kl. 09.00 - 11.00 og kl. 21.00 -23.00 på kvardagar på pTro sin DAB-kanal. Yngre lyttarar vil gjerne sette større pris på tidene 07.00 – 09.00 og 15.00 – 17.00. Sjå nettsida til pTro: ptro.no for meir detaljar. Der finn de også pTro sine podcastar.