Sunnfjord Misjonsforsamling har denne hausten tatt fleire viktige steg. Først bytte dei lokale, så skifta dei namn.
– Sunnfjord Misjonsforsamling var litt tungt. Logoskyrkja er meir rett fram og viser tydelegare kva me er, fortel Ingrid Friborg Hoffmann, som har vore forsamlingsarbeidar der dette året.
Dei har ikkje flytta langt, berre til nabobygget. Men plassen er vesentleg betre. Før var det fullt når dei var rundt 50, no er det god plass når dei er rundt 80. Lokalet er så nytt at naboromma ikkje er heilt ferdige enno. Det krev litt ekstra rydding i for- og etterkant, og ei søndagsskulegruppe må halda til på gangen.
Strategigruppe
Rundt nyttår vart det sett ned ei gruppe i forsamlinga som skulle jobba med vegen framover, der både namn, visjon og strategi vart diskutert. Det vart snakka om på årsmøte i vår, men det var først på eit ekstraordinært årsmøte no i haust at dei var klare for å gjera vedtak.
Strategien leier særleg mot to målgrupper, barn og unge og familiar. Og den vektlegg relasjonar, både til Jesus og til kvarandre.
Småbarnstreff og Glimt
Eit viktig steg på vegen er småbarnstreffet som dei starta opp med i september. Det liknar på open barnehage-konseptet, der barna kjem med foreldre eller annan omsorgsperson. Tilbodet er for 0–6 år og er ope 9.30 til 13 kvar torsdag. Fri leik og songstund er viktige delar av programmet, og folk kan koma og gå når dei ønskjer. At fleire i Logoskyrkja og på bedehuset til Normisjon har fødselspermisjon for tida, har gjort det lettare å koma i gong, fortel Ingrid, som sjølv er klar for sin morspermisjon.
Også tenåringane har fått eit nytt møtepunkt. Det som før var litt sporadiske TABU-treff, har vorte faste Glimt-samlingar.
Etter at søndagsskulen vart eit viktig satsingsområdet, har det og vorte lettare å få leiarar til den.
– Det vart kjekt å bidra når viktigheten auka, og me fekk fleire vaksne med, fortel Ingrid.
Ny giv
– Folk var veldig gira på ny start. Forsamlinga har ikkje utvikla seg så mykje dei siste åra, og folk såg behov for fornying. No vart det mykje på ein gong og kanskje litt brutalt, men folk har vore positive, fortel ho.
Framover vil dei òg jobba for å få opp fleire husgrupper. Fleire unge har flytta med familie tilbake til Førde, og ønskjer vera med i ei slik gruppe. Det vil m.a. betra relasjonane, slik småbarnsgjengen alt merkar at dei er meir knytt til kvarandre enn før småbarnstreffet starta opp.