Helge framfor bedehuset

Tusen takk, Helge!

Helge Kvamme vart første gong tilsett i Bergen krins 1. sept 1984. Nøyaktig 40 år seinare hadde han sin siste dag som tilsett i det som undervegs vart Region vest. I mellomtida har han vore borti det meste.

Me møter Helge på Kleppe bedehus ein formiddag i oktober. Ute er det hustrig og kaldt, noko Helge kjenner godt m.a. i fingrane. «No forstår eg folk som seier dei kjenner det på gikta,» fortel han med eit lite smil.

I dag må dagane gå i roleg tempo. Men det har langt ifrå vore slik alltid. Som styrar i Sætervika kunne det gå nesten døgnet rundt, då det ofte vart kombinert med å vera både leirsjef og bibeltimehaldar på leirane. «Då var eg ung og skulle hatt nokon som sa stopp. Etter kvart har eg vorte flinkare til å seia nei, seier han i dag.»

Barn og unge

Passfoto .
Nytilsett:Presentert i Utsyn Faksimile frå Utsyn 1974

Helge sitt hjartebarn har først og fremst vore dei unge. Lærdomen frå andre om at «grensesprengande aktivitet opnar for forkynninga,» var noko han ønska å setja ut i livet.

Først ut var leirarbeidet, som fort blomstra opp. Samtidig kom korengasjementet i organisasjonen. Leir og kor i saman sprengte kapasiteten i Sætervika, og leirstader på Kvamskogen måtte leigast for å få overnatting til alle. Trenden hadde snudd, det var gøy å reisa på leir.

Motstand og vekking

Men – det kom ikkje utan ein kostnad. For ein del misjonsleiarar vart det for mykje moro og for lite alvor, og den ferske barne- og ungdomsarbeidaren fekk klar melding, han burde slutta i misjonen.

Men i arbeidet såg både Helge og andre noko heilt anna. Leirane var reine vekkingane, det var så mange unge som vart kristne. Og foreldra jubla over dei glade, kristne barna. Den dag i dag møter han mange av desse att rundt om i kristne samanhengar.

Også andre samlingar fekk ein lettare tone. Igjen måtte han stå skulerett. Men ein tidlegare medarbeidar vart ein god samtalepartnar, som gav frimod til å fortsetja i tenesta.

Opplæring

Dei nye kristne ungdomane trong opplæring og oppfølging. I heile organisasjonen vart det jobba meir systematisk med både leiropplegg, andaktshjelp og anna hjelp i barne- og ungdomsarbeidet, som m.a. vart til fleire MAKS-hefte.

Overgrepsproblematikken kom og på bordet, og fekk sine dokument og rutinar. Mykje av dette gjekk gjennom den nasjonale leirkomiteen, der Helge var med i mange år.

Helge med to dåpsbarn i armane
Dåp:Å få døypa barnebarn har vore høgdepunkt Privat

Styrearbeid

Gjennom alle dei 40 åra har Helge meir eller mindre samanhengande vore med i eitt eller anna styre eller komité. Eitt av dei er styret for Medarbeidarforeininga for tilsette i Misjonssambandet.

Eit besøk av Arbeidstilsynet i lokalradioen viste klart at heile organisasjonen mangla rutinar for omtrent alt som hadde med HMS å gjera. Som styreleiar hadde Helge mange møte med hovudleiinga for å få dette på plass. Saker som lik lønn for likt arbeid, fritid versus arbeidstid og kvinner si teneste var også viktige tema. «Me var ikkje alltid einige, men hadde stor respekt for kvarandre og jobba saman, og slik fekk me heile organisasjonen med inn i eit nytt mønster,» fortel han.

Kan mykje, men er utan vitnemål

Tanken då Helge begynte å arbeida i misjonen, var at det skulle vera for ein periode, før han tok utdanning. Men det kom stadig spørsmål om han kunne ta på seg nye oppgåver, og etter kvart vart det for seint å studera.

Men Helge kan mykje om mangt, og trivest like godt bak skrivebordet som på talarstolen, med kokkesleiva som med hammaren. «Eg kan mange ting, men eg har ikkje papir på noko som helst,» smiler han. «Særleg likar eg prosjektarbeid, for det er så variert, og så er det flott å jobba med andre som brukar sine fag og sine gåver, og som sjeldan er dei som er mest synlege i arbeidet vårt.»

Og prosjekt har det vorte ein del av, alt frå å arrangera både UL og GF til ulike byggeprosjekt, som Sætervika i fleire omgangar, ombygging av Turnhallen til Salem konferansesenter og utbygging av Kleppe bedehus, der han i dag har sitt virke.

Sjukdom

Helge og Marion Krokås Yngres si 10-årsfeiring
Helge og Marion:På Krokås Yngres si 10-årsfeiring Trond Kråvik

Allereie i militæret fekk Helge utfordringar med helsa, han hadde fått ulcerøs kolitt, ein tarmsjukdom som gjer at han må vera forsiktig med kva han et. Det var ikkje alltid lett rundt om i dei mange heimar, så det vart snart meir kontorarbeid enn reising.

Seinare begynte ledda å svikta, kne, fingrar, skuldrar, med påfølgande operasjonar. Etter kvart sa kroppen stopp. Fatiguen gjer at kapasiteten er minimal, men det stoppar ikkje Helge frå å gjera det han greier.

Ein tur innom bedehuset for å sjå om noko må kjøpast inn, eller styra lyd og bilde for Senioruniversitetet eller andre småting. Vaska klede ein dag. Stryka dei ein annan. Og litt husvask ein tredje, om det ikkje vart for mykje dagen før. Og laga middag til kona kjem heim, eller til heile familien kvar søndag. «Utan full støtte frå kona kunne eg ikkje ha jobba så mykje som eg har gjort. No er det min tur å gje litt tilbake, så langt eg greier.»

Korleis er det å verta stoppa på denne måten?

«Det er frustrerande å ikkje klara gjera det ein vil. Skulle særleg ønska eg kunne gjort meir for døtrene, men kreftene er veldig avgrensa. Også på bedehuset må eg seia frå meg ting etter ting, men dei forstår det og set pris på det vesle eg kan gjera, så det er meir meg sjølv som opplever det vanskeleg. Eg har vorte flinkare til å leva med det, men det er like frustrerande. Men eg har ikkje noko val, når eg gjer for mykje, må eg bruka lang tid på å gjera ingenting for at kroppen skal få henta seg inn att,» avsluttar han.