Flere personer spiller gate-racket utenfor Vestheim

Torsdagsklubben på Vestheim Ungdomssenter

Ein torsdag i kveldinga sist i mai månad, troppa eg opp på Vestheim ungdomssenter. Ute på plassen var ein god del ungdommar i aldersgruppa 14–19 år samla i eit engasjerande spel dei kalla gate-rackert.

Runa Johansen saman med Øystein Johansen starta Torsdagsklubben på Vestheim i 2017. Ungdomane voks etter kvart ut av barnearbeidet (Ving) som har halde til på Vestheim i mange år. Dei trivast saman, og vi hadde meir å gje dei, fortel Runar. Eit medvandrarfellesskapvart til, og detstartar ofte med uteaktivitetar når vêret tillèt det, slik som denne kvelden. 

Etterpå samlast ungdomane i møtelokalet på det gamle guteinternatet til bibeltime. Runar fortel at dei har vore gjennom mange av breva i Det nye Testamente og også Salmane i Det gamle testamentet. Nokre har ein skumma gjennom, andre har ein teke for seg vers for vers.  

Gjengen på torsdagsklubben samlet foran Vestheim
Torsdagsklubbgjengen:Her er torsdagsgjengen samla samen med leiarane Øystein Johansen og Runar Johansen (3. og 4. frå venstre) Nils-Berge Sundfør

Aller først vert det bede for samlinga, denne bøna avsluttast med: «Jesus bevare NN», og så nemner dei den som sit ved sida. Slik vert alle nemnd, ei fin start å få vera med på. 

Det er Romarbrevet kapittel 12som står for tur denne kvelden. Her les ein om det kristne livet og formaningane. «Lat Jesus får bruke oss. Jo meir vi er saman med Jesus, jo meir blir vi avhengige av Jesus. Det er nok det som Jesus gjorde. Vi er ein kropp i Kristus, men saman er vi lemer for kvarandre. Formaningane er vegskilt, dei ber oss vera obs, dei gir retning». Ungdomane lytta til det Runar hadde å dela denne kvelden. 

Maten dei får servert på møtekveldane kan ofte vera av det sterke slaget. Ein gong hadde dei chilisaus-testing, ein annan gong kyllingvinger med sterk saus. I godt vær blir det ofte grilling, fortel nokre av ungdomane eg snakka med. 

4 gutter samlet foran et dekket kveldsmatbord
Kveldsmat:Her ser vi fra venstre; Magnus, Erik, Benjamin og Sivert klar for kveldens måltid. Nils-Berge Sundfør

På spørsmål kva grunnen er at dei kjem torsdag etter torsdag, får eg m.a. desse svara: 
- Det er kjekt å vera her. 
- Det sosiale er viktig. 
- Det er god stemning.  

Når det gjeld aktivitetar, står spel høgt i kurs. Her kan nemnast kortspel som Uno og brettspel som Mexicantrain og Sequence. Det er inga aldersgrense på torsdagsklubben og det er triveleg når ungdomar som har vore med tidlegare, kjem innom igjen. Det fortel at dei har trivest og kjem gjerne attende. 

 

Til slutt må det og nemnast at ei veke på hausten samarbeider Torsdagsklubben med Ving (barnearbeidet her på Vestheim). Då samlast Torsdagsklubben etter at Ving er ferdig og nyttar seg av same talaren. Då har dei same opplegget som elles på torsdagane ispett ein quiz og mykje god mat. På desse samlingane er også den litt eldre generasjonen invitert, fint å sjå når generasjonane samlast slik. 

 

Denne saken ble først publisert i regionutgaven av utsyn. Ønsker du å lese mer fra regionutgaven eller abonnere på utsyn kan dette gjøres her: Utsyn Region nordvest - (nlm.no)