Eit ansvarleggjort misjonsfolk sendte Inger Valbø til Japan frå eit fullt bedehus på Sjøholt 25. august.
På ein innhaldsrik samlings- og sendefest fekk mange tilreisande vere med å sende ut Inger til Japan. Det som skulle vere ein utreisefest, vart til ein sendefest, då misjonæren ville at fokuset skulle flyttast over på dei som skulle sende.
Endå større behov
Inger, som har vore misjonær i Japan i fleire år tidlegare, har det siste året arbeida som kyrkjelydspedagog i Haram kyrkjeleg fellesråd.Vel vitande om mykje godt arbeid ein kan gjere i Noreg, vel ho likevel å reise ut til Japan.
Noko av det som var avgjerande, var at ho fekk klar tilbakemelding frå ein misjonærkollega om at arbeidet i Noreg kunne andre gå inn i. Når ho dagen etter song Jesaja 6, og setninga «her er eg, send meg». For så å få servert ei andakt over same tekst på radioen, tok ho dette som ei tilråding om å reise ut der behovet er endå større.
Ansvar
Fleire av dei som var tilstades hadde erfaringar med arbeidet i Japan, og endå fleire hadde fylgt Inger og arbeidet i tidlegare år. Alle vi som var der fekk det lagt inn over oss eit ansvar. Eit ansvar som både handla om å hugse på Inger i bøn og å vere med å gi til arbeidet. Men også å ta ansvar for arbeidet her heime, både i Haram, på Sjøholt og der den enkelte av oss er.
Tema for talen var at det er mogleg å vere Guds born, og at dette er tilgjengeleg for alle som tek imot. Så er det vår bøn at menneske skal gjere det, både i Japan og i Noreg.
Denne saken ble først publisert i regionutgaven av utsyn. Ønsker du å lese mer av regionutgaven eller bli sbonnent? Trykk her: Utsyn Region nordvest - (nlm.no)