Temesgen Shibru Galla står å underviser. Mange mennesker sitte å hører på.

Medarbeidarfest på Vestheim 2024

Det har etter kvart blitt fast tradisjon. Ein laurdag i oktober inviterer regionsstyret til fest for alle som har ei frivillig teneste i misjonsarbeidet i regionen vår.

Laurdag 19.oktober var over åtti personar samla til fest på Vestheim. Leiar i regionsstyret, Kjellaug Myklebust, ønskte velkomen og opna samlinga med gode ord til alle.

Geir Henning Tunheim presenterer regionstyret
Regionstyret:Geir Henning Tunheim (til høyre) presenterer de som var til stede fra Regionstyret. Fra venstre: Brynjar Muren, Arnfinn Stige, Oddhild Skjong, Hallvard Nordstrand og Kjellaug Myklebust. Cathrine Behrentz

«Ten kvarandre»

Temesgen Shibru Galla var seminarhaldar denne dagen. Han er sjølv frå Etiopia og arbeider som pastor for ei etiopisk forsamling i Oslo. Han hadde ei inspirerande samling med temaet «Ten kvarandre!» Det vart fokusert på både kvifor vi skal tene kvarandre, og korleis vi skal tene kvarandre med dei nådegåvene vi har fått. Omgrepet «kvarandre» vart understreka. Vi skal både gi og ta imot. Samlinga vart avslutta med samtale og bøn for kvarandre rundt borda.

Temesgen Shibru Galla underviste om temaet "Tjen hverandre"
Tjen hverandre:Temesgen Shibru Galla underviste om temaet "Tjen hverandre" Cathrine Behrentz

Festsamling med god middag og ymse innhald

Mesina på kjøkkenet hadde som vanleg trylla fram ein velsmakande middag. Det vart sett stor pris på, og er viktig ein slik dag.

Regionens ungleiar, Geir Henning Tunheim, synte seg som ein habil leiar av festen, og krydra samlinga med gode historier og ymse anna han hadde funne fram. Det var rom for ulike innslag.

Trine Molnes Hestetun er leiar i Preg Brattvåg, ein av dei mange barnehagane i Region Nordvest. Ho orienterte om situasjonen i barnehagane, og om vanskane som dagens styresmakter prøver å skape særleg for dei kristne barnehagane. Ho sette seg også til pianoet og song for forsamlinga.

Trine Molnes Hestetun spiller piano
Bidro med piano og innslag. :Trine Molnes Hestetun, styrer i Preg Brattvåg bidro med å fortelle om barnehagene og flott sang og pianospill. Cathrine Behrentz

Einar Furnes fortalde om mannsforeininga på Godøya. Det var inspirerande for oss alle å høyre om kva dei har gjort for å få med ulike generasjonar og ulike menneske inn i gruppa. Mykje til ettertanke.

Festdagen vart som «seg hør og bør» avslutta med kaffi og gode kaker.