Bilde av Vestheim ungdomssenter

Mannshelg på Vestheim

Womens retreat har vore eit særs ettertrakta tilbod for jenter og damer i regionen vår. Tidleg i januar arrangerer vi første Mannshelg på Vestheim. Helga skal utruste menn i alle generasjonar til fellesskap og livet med Gud.

Nærare 90 menn var samla på leirstaden Skoghus på Senja. Dei strekk seg frå unge menn til godt modne menn, noko som er eit mål i seg sjølv. Samlinga var prega av god mat, givande fritidsaktivitetar, solid undervisning og gode samtalar. Det er denne helga som er inspirasjonen for mannshelga vi skal ha i januar.  

Samtalar på tvers av aldrar i mindre grupper har vore ein av nøklane seier Øivind Kringstad som er ein av leiarane for helga.  

Øivind Kringstad på tur
Leiar i nord: :Øyvind Krinstad er ein av leiarane for helga i nord Stokka Media

Ærleg om liv 

Det å kome saman og prate ærleg om liva er noko enklare når ein kun er samla med menn, erfarer Jørgen Storvoll, ein av primus motorane for helga.  

Til å begynne med var det viktig å få inn ein kjent talar til å undervise, men no bærer helga seg i større grad sjølv, seier Kringstad, som legg til at det sjølvsagt er høgt prioritert å ha god undervisning. 

Det er likevel noko med det å etablere fellesskap, ærligheit og liv på tvers av generasjonar. Å lytte til kvarandre og støtte kvarandre som vert unikt for denne typen helger, seier Storvoll. 

Jørgen og Øivind har vore med å utvikle denne helga heilt nord i landet, dette er eit arbeid som er i vekst, og som det er stort behov for i vår tid.  

Jørgen Storvoll spiller sjakk
Primus motor:Jørgen Storvoll, ein av primus motorane for helga Stokka Media

Godt tidspunkt 

Programmet i nordvest er vi i ferd med å utvikle no og det kjem til å bygge videre på rammene som har vore i nord. Vi er heldige og får med oss Eivind Sætre tidlegare misjonær, pastor og sjelesørgar til å undervise denne helga.  Meir informasjon kjem du til å finne på mannshelg.net/nordvest.  

Helga kjem noko tett opp i julefeiringa så tidleg på nyåret, men vi trur at det er eit godt tidspunkt. Både fordi mange allereie har fått mykje tid med familie og fordi helga vert ein god ressurs å ha med seg inn i eit nytt semester.  

Trykk her for å kome til påmeldinga for Mannshelga i nordvest

Denne saken ble først publisert i regionutgaven til Utsyn. Ønsker du å lese mer av regionutgaven eller abonnere på utsyn? Trykk her: Utsyn Region nordvest - Norsk Luthersk Misjonssamband (nlm.no)