Forsamlinga ved bord

Fullt hus på Lyngmobasar

«Folk er litt trege med å koma, men det vert fullt etter kvart,» hadde me høyrt på forhånd. Men denne kvelden stemte ikkje dette. Då klokka slo, var salen full. Lyngmo har to basarar i året. Haustbasaren er den som gjev størst inntekt.

Møtesal, matsal og peisestove var gjort om til eitt stort rom. Tre langbord strakk seg frå scena og langt bak i matsalen. Alt vart fylt opp av små og store, med og utan vinnarlukka, men med hjarta for Lyngmo.

 

Ved inngangen får alle kvart sitt ark og penn, for å notera ned kor mykje dei kjøper for i kvar omgang eller på loddbøker. Når kvelden er over, Vippsar dei totalsummen, eller kryssar av for bank, og leverer inn eine delen av lappen. Slik går åresalet fort unna, og heile basaren vert kontantfri.

 

Programmet følgjer ein «standard Sogne-basar», med tre åretrekningar, pause med program og mat, og tre åretrekningar til. Årene vert fort utselde, og trekninga styrer tenåringane frå teknikarbordet.

 

Stor aktivitet, lite folk
Under programdelen går barna i gymsalen, der barne- og ungdomsarbeidaren ventar med leikar og andakt. I salen fortel dagleg leiar, Kjetil Stautland, litt om stoda på ungdomssenteret. Han fortel m.a. om ei ung jente på leir som var så lei seg fordi ho ikkje hadde bibel. Og han fortel om leirar for alle aldersgrupper, frå dei minste til pensjonistane. Kalenderen er full med over 40 helger, 230 dagar i året med aktivitet på senteret.

 

Men – dei manglar folk. Fleire stillingar står ledige, og styret ber dei no om å seia nei til alt og alle dei ikkje må ta imot. Det er tungt, men nødvendig, om ikkje dei som er der, skal slitast ut. «Eg har vore her i 19 år no, det har til tider vore travelt, men aldri kjedeleg,» seier Kjetil Stautland til forsamlinga. «Kanskje det er nokon som ikkje har tenkt tanken om å jobba her, som skulle spørja seg sjølv, kva har eg å tapa på å prøva?» held han fram, og legg tungt på forsamlinga å be for prosessen, at det må ordna seg.

 

Koret syng
LaJoMa:Koret LaJoMa deltok med song Gro Bjørndal

Etter korsong og andakt er det klart for mat. Fat på fat med smørbrød og kaker, nok til alle. Og praten går. Tre åresal til, og trekning av barnelotteri og Topplotteriet, som også har hatt førehandssal. Det vert seint før dei med lengst reiseveg kjem heim. Men nærare 140.000 kr i kassa til Lyngmo er verdt det.