Etter alle solemerker var det siste gong Rådsmøtet i noverande form var samla denne oktoberhelga på Fjellhaug utdanningssenter i Oslo.
Rådsmøtet er samansett av personar utvalde av årsmøta i dei forskjellige regionane til Misjonssambandet og i tillegg er medlemene i hovudstyret (HS) med. I grunnreglane for Misjonssambandet heiter det m. a. :«Rådsmøtet har sammen med hovedstyret et særlig læreansvar på vegne av hele organisasjonen…». Som ein konsekvens av Misjonssambandet si forståing av læreansvar har berre menn stemmerett i Rådsmøtet.
På Misjonssambandet si generalforsamling (GF) i 2022 vart det vedteke endringar i grunnreglane for organisjonen. Læreansvaret skal flyttast frå Rådsmøtet og HS til eit sentralt tilsynsråd og HS skal erstattast av eit sentralstyre. Med læreansvaret plassert i tilsynsrådet vil sentralstyret såleis også vere ope for kvinner samstundes som ein held fast på tenestedelingsprinsippet slik det er uttrykt i dokumentet «Sammen i teneste» frå 2012.
Men korleis vil dette nye sjå ut praksis? Vedtaket frå GF krev ein god del endringar i organiseringa av Misjonssambandet. HS har difor sett i gong eit arbeid med å avklare korleis tilhøvet mellom sentralstyret og tilsynsrådet skal fungere i praksis. I tillegg skal det opprettast ei tilsynsordning både på lokalt og regionalt nivå, noko som også må utreiast. Dette skal leggast fram for GF 2025. Eit nokså omfattande dokument er under arbeid. Det var dette Rådsmøtet var samla for å drøfte og gi råd om.
Som representant for Regionstyret i Nordvest var Sverrir Òlafsson med på Rådsmøtet.
Korleis opplevde du samlinga Sverrir?
Det kom mange gode innspel til framlegget som HS kan ta med i det vidare arbeidet. Det var ein god tone i samtalen, prega av gjensidig respekt. Og så det var godt å kjenne på det åndelege fellesskapet gjennom bibeltimar, misjonssamlingar og song.
Kva meiner du var det viktigaste som kom fram?
Det viktigaste var korleis organisasjonen skal ta vare på «hyrding- og læreansvar». Oppdraget var å få klare prosedyrar og retningsliner om korleis relasjonen mellom sentralstyret og tilsynsrådet skal ordnast.
Kva tenkjer du om den omlegginga Misjonssambandet held på med?
Eg tenkjer at omlegginga er positiv på den måten at ein tek vare på hyrde- og læreansvar på alle nivå i tråd med tenestedelingsprinsippet. Samstundes kan ein oppmuntre kvinner og menn til å bruke nådegåvene i teneste for Guds rike.