Velkommen til basar på Skilbrei Ungdomssenter!
Laurdag 2. november inviterer Skilbrei Ungdomssenter til eit sosialt og kjekt arrangement for heile familien. På programmet står åresal med fine og gøye gevinster, deilig Sunnfjordsk kakebord og eigne aktivitetar for borna.
Det vert andakt v/Runhild Øvreås og helsing v/regionleiar Olav Rune Skutlaberg. Me vil også få siste nytt frå arbeidet på senteret.
Dørene opnar klokka 16:00
Arrangementet, kaker og kaffe er gratis. Inntektene frå basaren går til ungdomssenteret. Betaling med vipps eller kontantar.
Arrangør er styret for Skilbrei.
Me håpar mange vil ta turen til Skilbrei denne dagen. Hjertelig velkommen til store og små!