Teikning tre kvinner

Kvinnehelger

Er du kvinne, har du fleire muligheiter i næraste framtid til godt fellesskap med andre kvinner.

Helga 20.-22. sept er det Kvinnehelg på Lyngmo i Sogn. Men ikkje berre for sognedamene, det er allereie folk frå Bergensområdet som har meldt seg på. Det går nemleg rutebuss frå Bergen som passar fint å ta, begge vegar. 

Tema for helga er "Guds omsorg for ånd, sjel og kropp". Elisabeth Lillebø Seth og Eli Fuglestad frå Norea Håpets Kvinner vert med og talar og syng.

Nytt sjansen til å få ei flott helg saman med flotte folk, på ein flott plass, med flott innhald.

Meir om helga og påmelding her 
Har du spørsmål, ta kontakt med Lyngmo eller regionkontoret.


Kvinne 2024

Seinare i haust, laurdag 9. nov, samlast kvinner i alle aldrar frå heile landet til Kvinne 2024 på Fjellhaug i Oslo. Tema for dagen vil handla om "Berører".

Set av dagen, inviter med venninner, søster, dotter, mor eller bibelgruppa di og bli inspirert og utrusta til å leva det livet Gud har kalla deg til å leva!

For meir info og påmelding, sjå nlm.no/kvinnehettverk