Overrekking av sjekk

Festdag på Danielsen Sotra

Tre år med kjempeflott innsats for misjonsprosjektet vart avslutta med ein skikkeleg festdag.

Mandag 16. september var ein festdag på Danielsen barne-og ungdomsskule på Sotra!

Misjonsprosjektet i Sør-Amerika vart avslutta etter tre år med kjempeflott innsats, gjennom misjonsløp og andre innsamlinger. 804.000 kroner vart overrekt, det er ein fantasisk sum som blir til stor hjelp for prosjekt i både Peru og Bolivia!!

Eg var heldig som fekk ta imot gåva på vegne av Misjonssambandet. Hjertet til barna og ungdommane utvider seg når ein får vere med og dele og bety noko for andre, Gud vil at vi skal dele av det vi har fått og det skaper glede. Dette var tydelig under samlinga på Sotra. Linn Merete Urangsæter Peducassè leda samlinga og lærarar og elevar frå misjonsprosjektkomitèen var framme for å takke for innsatsen.

Presentasjon av Mongoliaprosjekt
Nytt prosjekt: Mongolia:Margareth Engås presenterte det nye prosjektet Alexander Jensen

Mongolia
Samtidig var eit nytt prosjekt starta, for Mongolia. Eg informerte om dei ulike prosjekta der i tillegg til at utsendinger frå Mongolia hadde laga ein rykande fersk film til Danielsen Sotra med inspirasjon til misjonsløpet dei skulle arrangere på torsdag forrige veke.

Vi i Misjonssambandet vest takker for ein kjempeflott innsats og ønskjer Danielsen Sotra lykke til videre i arbeidet med misjonsprosjekt.