
Skulle du ønska du hadde ein robotstøvsuger? Eller treng ny sovepose? Eller kanskje ein ny juleduk? Dette og veldig mykje meir kan du vinna på Sætervikabasaren.
Sætervika har i årtier vore ein viktig plass for både barn, ungdom og vaksne. Plassen er velhalden og vert godt brukt. Men det kostar å driva ein slik flott plass.
Derfor arrangerer dei basar. Fredag 19. sept er det stor Sætervikabasar, kl 18.30. Åresalg med mange flotte gevinstar, ulike tippekonkurransar, rikeleg med kaffi og kaker og mykje meir.
Sverre Bøe, mangeårig lærar på Fjellhaug, er med og har andakt, og Krinsmannskoret vil synga.
Det er også loddbøker med flotte gevinstar. Ønskjer du å ta lodd på desse utan å koma på basaren, kan du kontakta regionkontoret, som skriv det i boka, og du kan betala med Vipps eller bank. Kontakt oss på
- vest@nlm.no
- tlf 55 90 48 00
Og ikkje minst: Hjarteleg velkomen til Sætervika på basaren!