Regionstyret få venstre: Oddhild Skjong, Hallvard Nordstrand, Brynjar Muren, Sverrir Olafsson, Svein Ove Starheimsæter og Arnfinn Stige. Ingrid Kvam Steinshamn var ikkje fysisk til stede på møtet.

Resultat og kontstituering

På årets regionmøte vart det vedteke nye regionlovar og nye i styre og stell. I denne saka kan du lese meir om resultatet av årets møte og konstitueringa i regionstyret.

På årets regionmøte vart det vedteke nye regionlovar som følgje av ny struktur vedteke på førre generalforsamling i misjonssambandet. I tillegg til nokre justeringar i struktur på lovane, vart det no vedteke ein ny struktur på tilsyn i regionen. Hovudstyret til Misjonssambandet vedtok forslag til normallovar for regionane. Dette forslaget gjekk til regionstyret som la fram eit forslag til årsmøtet som i stor grad fylgde normallovane.

I samtalen om lovane vart det etterlyst ei utdjuping av formålsparagrafen vår, og det innspelet gjekk vidare til regionstyret som vil behandle det som ei sak til neste års regionmøte.

Det nye regionstyret hadde første møte 5. juni og konstituerte seg med leiar og nestleiar. Etter fleire år som leiar i regionstyret overlèt Sverrir Olafsson dette vervet til Kjellaug Myklebust som samrøystes vart vald til leiar av regionstyret. Sverrir fortsett no som nestleiar i styret.

Be gjerne for både styreleiar, regionstyret og administrasjonen i regionen om at dei får visdom og mot til å leie arbeidet i tråd med det Gud kallar oss til.

Nedanfor finn de dei regionstyret, Barne og ungdomsrådet og valkomitéen etter valet:

Regionstyret:

Kjellaug Myklebust, leiar

Sverrir Olafsson, nestleiar

Hallvard Nordstrand

Oddhild Skjong

Svein Ove Starheimsæter

Ingrid Kvam Steinshamn

Arnfinn Stige

Brynjar Muren, 1. vara

Anders Grøntoft, 2. vara

Barne og ungdomsrådet (har første møte i haust):

Synnøve Os, (sittande leiar)

Asle Stenberg (sittande nestleiar)

Jonatan Huanca Husveg

Ane Marta Lindset Stige

Silje Berg Straume

Benjamin Johansen, 1. Vara

Valkomitéen(har første møte i haust):

Hallgrim Barlaup

Ragnhild Fauske

Eli Hånes

Ole Audun Os

Øystein Strand

Silje Knardal Johansen, 1. vara