lovbok og hammer

Nye regionlover

Endring av regionlovene var en av sakene som ble lagt fram på regionårsmøte i mai.

Vi har prata med Kåre Johan Lid som har fulgt denne prosessen fram til GF 2022 og er med i arbeidet med dette framleis.   

Kva er årsaka til at alle regionane no skal ta opp lovane sine på regionmøtet? 

På generalforsamlinga i 2022 vart det vedteke endringar i grunnreglane til Misjonssambandet. Det var resultatet av ein lenger prosess. På rådsmøtet i 2018 vart det etterlyst ei tydeleggjering av det åndelege tilsynsansvaret på alle nivå i organisasjonen. I tillegg vart det fremma forslag om endring i organisasjonsstrukturen sentralt.  

80 forsamlingar 

I dei siste 15 åra har talet på menigheiter/forsamlingar som ynskjer å ta eit heilskapleg åndeleg ansvar for sine medlemmer auka betydeleg til heile 80. Dette har tydeleggjort eit behov i Misjonssambandet for ei organisering som er rigga for å ivareta åndeleg tilsynsansvar. Hovedstyret har difor utarbeidd vegleiingsdokumentet Menighetstenkning og organisasjonsstruktur i Misjonssambandet  som dei nye grunnreglane er utarbeidd etter. 

Grunnreglane forutset at både ein både lokalt, regionalt og sentralt har tenkt gjennom korleis åndeleg tilsynsansvar skal ivaretakast. Nye grunnreglar vil frå 2025 føre til endringar sentralt. Eit sentralstyre i staden for eit hovudstyre, og eit mindre og endra rådsmøte i tillegg til eit nytt nasjonalt tilsynsråd. For å sikre demokratisk representasjon frå regionen i rådsmøtet og val av nasjonalt tilsynsråd må det vedtakast regionlover som samsvarar med grunnreglane her.   

For det andre får regionen ved regionstyret og regionalt tilsynsråd med dei nye grunnreglane frå 2025 delegert eit større ansvar. Konkret gjeld det eit fullt ansvar for tilsettingane i regionen, noko som tidlegare med hovudstyret sitt åndelege tilsynsansvar måtte dit til behandling. Men regionleddet har også med fleire menigheiter/forsamlingar lokalt fått eit større overordna tilsynsansvar. Tidlegare har det formelt sett kvilt på regionleiar. Hovedstyret ser at dette må takast på alvor og også det forutset val av eit regionalt tilsynsråd.   

Nye lovar 

Når vi no les gjennom lovane så ser det ut til at det er meir enn tilsynsrådet som kjem inn. Kvifor ser dette så ulikt ut no? 

Hovudstyret ønska ei ny normallov for regionar med ein ryddigare redigering enn den som har vore. Ein valde difor å ein gjennomgang av heile normallova. Eg må legge til at regionane har høve til å gjere endringar i ein del paragrafar, så lenge det ikkje går ut over funksjonen i organisasjonsstrukturen, og er i samsvar med grunnreglane.  

Er det nokon endringar i sak når ein ser på det nye forslaget, eller er det først og fremst ein strukturell endring? 

Som eg har gjort greie for er det ei strukturell endring, men det endrar ikkje Misjonssambandet sine formål eller teologi. Men det er endringar som er gjort for å møte behova i ein organisasjon der arbeidet på grasrota har endra seg betydeleg.