Stort felleskor med Krasp og Kairos

Kor i 40 år

Vi begynte med 40 – no har vi halde på i 40 år. Trøndelag starta kretsungdomskor. Det ferske koret song på UL i Ålesund i 1984. Då var det gjort. Men vi måtte ha ei venleg spark i leggen for å komme i gang her i nordvest.

Flying start 

Det var ikkje vi som fann opp krutet. Sveinung Lianes hadde prøvd med krinskor før oss. Men no tok det av. Fem helger i året, pluss tur til UL, Ungdommens Landsmøte. Allereie i 1985 reiste vi til Kristiansand med nesten 80 ungdommar. Allereie tre veker etter første øvingshelg song koret på misjonen sitt haustmøte i Bud.  

I reglane stod det at medlemene skulle førebu seg til helgene. Første dirigenten spela inn stemmene på songane på kassett. I mange år hadde Kåre Lid og Ole Os hovudansvaret for det som etter kvart vart to kor. 

Utover på 80-talet vaks koret veldig. Vi reiste til UL med to eller tre bussar. I 1988 var vi i Fredrikstad, med turné i Sverige i forkant. Eg finn ei venteliste med 70 som ville begynne, og til ei øvingshelg på Vestheim har vi leigd to ekstrabussar frå Ålesund.  

Mange glade ungdommer fra 1985.
Arkivfoto NLM

KRASP 

I 1989 blir Krinsaspirantkoret fødd. Vi skreiv til Per Helge Myren i Etiopia og spurte om han kunne tenke seg å dirigere eit slikt kor når familien kom til Norge. Og der fekk vi napp. Hans hjartelag og klare visjon for organiseringa av koret er ramme for arbeidet den dag i dag.  

Det var han som ville kalle koret KRASP. Underteikna meinte det høyrdest ut som eit knekkebrød! Fredag 29. september møtte dei første 66(!) krasparane opp. 

 

Mange glade ungdommer
Arkivfoto NLM

Fire bussertil GF 

I 1990 vart krinsungdomskoret to kor som etter kvart fekk namna KAIROS og ELEOS. Året etter vart KRASP til KRASPnord og KRASPsør, med base på Vestheim og Rjånes. Trine Lingås vart sørkoret sin gode dirigent. Ei tid hadde vi rundt 100 medlemer i kvart av dei fire kora. Eit stort høgdepunkt var då vi song på Generalforsamlinga på Lillehammer i 1994. 

Bibeltimar, vitnesbyrd, bønn, tallause vennskap for livet, humorog leik er gode stikkord for kora. Og gjennom alt: Kristen song med innhald å leve på. Ungdomskora har vore fire gongar i studio og spela inn 50 songar. KRASP spela inn ein flott cd i 2011. 

Mange har fått leiartrening i kora. Ofte har vi ikkje klart å finne erfarne dirigentar. Så måtte vi spørje ein av våre eigne. Og desse vart dei beste vi kunne fått. Ungdommar som ofra seg for kora, tente Jesus og vaks. Om nokon etterlyser ei suksessoppskrift, må det vere at vi har hatt leiarar som har stått i årevis, for Jesus og ungdommane. Dei har gjort dette arbeidet mulig. 

Mange glade ungdommer oppstilt
Arkivfoto NLM

 

I misjonens teneste 

«Korleis vart du ein kristen?»  «Det var i KRASP, det.» Mange vil svare at det var i kora livet med Jesus begynte. Det gir energi til å halde på. Og mange får ei teneste i Guds rike. Kåre Johan Lidhar møtt dei på reiser rundt i landet som leiar for Misjonssambandet Norge.  

Korleiaren gjennom mange år blir rørt når han fortel: «Eg møter gang på gang kormedlemmer som deltek aktivt i forsamlingar og misjonsarbeid. For Misjonssambandet har dette arbeidet betydd, og betyr, mykje for at kallet til å fylgje Jesus og til misjon må berast av nye generasjonar. Ikkje så få av dei har også blitt utsendingar og tilsette i Misjonssambandet.»