Den største inntektsposten ved Gjenbruken Volda i 2023 er resultat av 30–50 tusen nips eller småting. Tre ungdomsskulejenter trur dei kjem til å hugse arbeidsveka si ved denne butikken i april.
– Arbeidet på Gjenbruken er veldig variert, og her er mykje å gjere, seier Alva Berg Zetterstrøm. Ho er 9.-klassing ved Volda ungdomsskule og har arbeidsveke ved Gjenbruken Volda. To klasseveninner er i same oppdrag, tvillingsystera Nila Berg Zetterstrøm og Bette Melina Ohma. Dei tre får god innsikt i det som går føre seg på butikken. Dei tek imot varer når folk kjem og leverer, pakkar opp kasser, sorterer klede, tørkar støv, stiller ut gjenstandar og står i kassa.
– Det er fint å ha arbeidsveke på Gjenbruken. Her er sosialt, og vi veit at vi er med på eit arbeid som er til hjelp for andre, understrekar Bette Melina.
– Å kjøpe brukt er fornuftig
– Kva tenkjer de om det grøne siktemålet til slike butikkar?
– Eg trur gjenbruk kan bety mykje med tanke på berekraft. Det er fornuftig å kjøpe brukt i staden for nytt, svarar Nila. Bette Melina legg til at det vert mindre å kaste når folk handlar brukt.
Dei tre ungdomsskuleelevane trur utplasseringa deira på Gjenbruken i midten av april vil fylgje dei som eit minne i livet.
Oppdaterte butikkar
NLM Gjenbruk sine fire butikkar i Misjonssambandet nordvest – Kristiansund, Elnesvågen, Ålesund og Volda –hadde i fjor ei omsetjing på til saman 12,2 millionar kroner, av dette blei det 5,7 millionar i netto til prosjekt i regi av Misjonssambandet.
Bak det flotte resultatet ligg god tilgang på varer og stor dugnadsinnsats. Andre moment som må nemnaster er mellom anna fine oppdaterte butikkar og tilstrøyming av kundar.
Ting og tang
Eit litt oppsiktsvekkjande trekk i rekneskapsoversynet for 2023 er at det som på mange vis kan sjå minst og ringast ut, er det som skaper den største inntektsposten. "Nips" vert desse småvarene kalla. På prislappane står det som regel frå fem eller ti kroner og opp til 90kroner. Men sidan butikkane får inn veldig mykje i denne kategorien, vert det til storesummar.
Ved Gjenbruken Volda blei det i 2023 selt nips for 1 066 035 kroner. Hallvard Hånes, som presenterte rekneskapsoversynet på årsmøtet like etter påske, gjorde eit poeng av dette. Alt det små, ting og tang, vert til noko veldig stort!
Skulle vi prøve å telje kvart enkelt nips som gjekk over disken i 2023, ville vi truleg kome opp i 30–50 tusen berre i Volda. Fyrst kom alt dette inn mottaksdørene, så blei det gjort klart for sal og sett prislappar på – så plassert i butikkhyllene. Og etter kortare eller lenger tid vekte det aller meste interesse og blei selt.
Ei god sak
Ei av gledene i arbeidet ved Gjenbruken er å møte alle dei som kjem og leverer varer. Ofte kan dei kome med oppmuntringar. Dei er takksame for at slike butikkar finst, og er tydeleg begeistra over å sleppe å kaste det dei har til overs. – Godt at andre kan få glede av det, vert det ofte sagt. Eller: – Godt at det går til ei god sak!
Til slutt kan vi nemne dei andre store inntektspostane ved Gjenbruken Volda i 2023, utanom nips: Tekstilar 884 tusen, møblar 174 tusen, elektriske artiklar 88 tusen, bøker 70 tusen, sport- og fritidsartiklar 52 tusen, underhaldningsartiklar 47 tusen og kunst 13 tusen.