Berit Mari får utdelt diplom fra ordføreren i Ulsteinvik

30 års teneste i barnhagen

Til stor overrasking dukka ordføraren opp på sommaravslutninga til Preg barnehage i Ulsteinvik. Berit – Mari Nilsen Nystøyl vart heidra med 30 års teneste i barnehagen, mesteparten av desse åra som dagleg leiar.

«Det kom heilt uventa på meg og var ei stor overrasking.  Utruleg nok hadde heile personalet klart å halde dette hemmeleg for meg. Eg hadde inga aning om noko» seier ho.

Ordføraren kom på personalet si sommaravslutning for å gratulerte og overrekte innramma diplom for lang, god og trufast teneste.  «Barnehagearbeidet er veldig viktig for kommunen vår» sa han, «eg vil takke og gratulere deg med innsatsen». Han overrekte innramma diplom frå kommunen.

Takk og lovord var mange frå personalet og frå lokale representantar. Styreleiar Solbjørg Angelstveit gratulerte og overrekte gåve og helsing frå leiinga i NLM Barnehagane Preg.

«Det er travelt å jobbe i barnehage, men det er eit utruleg givande og viktig arbeid vi får vere med på»  «Å skape ein trygg og god plass der det enkelte barn kan trivast, verte inkludert og utvikle seg er så viktig, både for barnet sjølv og for foreldra»  seier Berit -Mari.  Den pedagogiske årsplanen legg vekt på dette, og byggjer på eit kristent grunnsyn.

Barnehagar og skular med eit kristent grunnsyn er svært viktige.  Gjennom desse institusjonane får born eit møte med kristen tru og liv, borna hugsar det for resten av livet. Dette er institusjonar som er viktige å ta vare på og vidareutvikle i vår tid. «Eg er takksam for å få jobbe med dette, og Misjonssambandet er ein god arbeidsgivar», seier ho.

Berit- Mari fortel at den økonomiske situasjonen er veldig vanskeleg. «Dei økonomiske rammevilkåra som kommunen gir er for stramme. 80 % av budsjettet er personalkostnadar, og den lovpålagde ”bemannings norma” gir ikkje rom for innsparingar. Vi slit med økonomien.  Vår barnehage er ikkje den einaste som opplever dette», seier ho.

Preg Barnehagar er alle private, ideelle barnehagar, og gir ikkje eigar lov til å ta ut økonomisk utbytte av drifta.